Facebook

tirsdag 2. august 2016

Lunefull fjellørret

Dagens selfie på Moldura

Størdalen var grøn og fin i dag
Staveneset ytst ute

Stongfjorden and "the dancing queens"

Nei, det er ikkje berre å gå opp på fjellet og ta med seg fjellørreten heim igjen. Den er sky. Og ømfindtleg for vèr, vind og vasstand. Med overgang til nordavind i ettermiddag kunne eg like godt ha lagt att fisketroa heime. Vel, eg prøvde ein god times tid. Med eit uttal av slukar og spinnarar. Men det var heilt daudt. End of the game! 

Eg gjekk difor runda over Fanafjellet, Moldura og Størdalsstauren i staden. For trimmen sin del. Og for å sjå etter sauene som går her oppe. Om ikkje sauene var rolege som lam, så såg eg ikkje noko unormalt. Forma og helsa kjendest heilt fin ut òg. Så då var nokre timars tur i boks likevel. Og veit de kva? Det var faktisk opplett heile tida... Ja, ikkje nok med det - eg såg faktisk i sola no og då....! Det er håp i hangandes snøre. Den metaforen går kanskje an å nytte om det manglande sommarvèret òg... Uansett må vi berre vere glade for det vi får... Det er no iallefall eit teikn på at ein er i live...:-)

Legg inn en kommentar