søndag 6. september 2015

Natt under open himmel på Eitrenipa 5/9-15

Framme på Eitrenipa
Siste solstrålane for dagen 5. september - mot Dale
Solnedgang over Florø-
nattlege midt i bildet
Morning has broken 2 - Førdefjorden, Blegja og Storehesten

Som ein hyllest til friluftslivet og Friluftlivets år i år deltok eg på #nattinaturen 5.september. Eit tiltak i regi av Norsk Friluftsliv

For meg var det ikkje så vanskeleg å bestemme meg for kvar natta i naturen skulle vere... På Eitrenipa - på toppen av det flottaste fjellet i Askvoll (samleserie bilder her) var mitt naturlege val.

Eitrenipa og Leknesvatnet

Eg pakka den store Bergans sekken med mat, klede, sovepose, liggeunderlag, uteliggaren og fiskeutstyr. Teltet lèt eg ligge att heime sidan det var meldt fint vèr. Likevel var sekken ganske tung. 

Fiskeriet mitt denne gongen vart av det magre slaget. I sterk nordavind var Leknesvatnet heilt dødt. Vel, fisking var heller ikkje første pri denne gongen, men eg tok no med meg fiskestanga "for syns skuld"... I kald nordavind er fjellørreten heilt kul umulig likevel.... Så fiskinga gav eg meg på rimeleg kjapt. 

Sidan det ikkje er rennande vatn på Eitrenipa (til vanleg), måtte eg fylle opp vatn til oppstigninga. Noko som gjorde sekken endå tyngre. Likevel gjekk det overraskande lett til topps. Kanskje var det motivasjonen til natta ute som gav ekstra krefter...:-)

No fekk eg allverda med tid på toppen denne kvelden sidan fiskeriet gjekk i vasken. Så eg bygde på begge vardane på toppen, i tillegg til å sette opp nokre nye nede i skaret.  

Det var kaldt. Skikkeleg kaldt. I sterk nordavind, (det var faktisk meldt liten storm på kysten, men den meldinga var no i drygaste laget etter kva eg fann ut) og med berre nokre få plussgrader, fann eg fort fram den varme soveposen. Med fantastisk utsikt vestover til det utruleg flotte området mot Nipebu og havet, og i ly av ein hammar, bles eg opp liggeunderlaget og trekte på uteliggaren. 




Skoddedisen kom og gjekk, og jammen dreiv det inn ei lita regnbyge frå nordvest òg, men den fiksa uteliggaren greitt. 



Kvelden kom likevel fort på. Det mørknar tidleg no. Men det var utruleg flott på toppen då dei siste solstrålane for dagen nådde meg, og alt under meg var mørkt. Snart dansa ein aldeles praktfull stjernehimmel over meg, der eg låg i soveposen. Melkeveien har eg knapt sett tydlegare. Og aldeles stilt. Ikkje ein lyd! Fantastisk! Så sovna eg.... 

Første gongen eg vakna, såg eg beint inne i æva av ein stjernehimmel. No var månen komen opp aust om fjellet. Og skoddedottane som dreiv forbi i måneskinnet skapte ei rein trolsk stemning. Så aldeles herleg hadde eg det nede i den varme soveposen med draumane sitt teater over meg. 

Soloppgangen måtte eg sjølvsagt få med meg. Men då måtte eg skifte lege. Så eg drog med meg alt utstyret til hi sida av toppen, og putta meg raskt ned igjen i soveposen. Iskaldt. Når dei første solstrålane så nådde meg i aust ved Blegja og Storehesten var natta komplett. #nattinaturen var fullført. 

Det lysnar av dag - vi ser Førdefjorden, Blegja og Storehesten i aust

Eg hadde ikkje heilt bestemt meg for retur-ruta. Hadde halvveges ein avtale med fruen om å hente meg i Dale, men det skippa eg sidan ho sjølv skulle på tur med ei veninne. Eg bygde i staden opp att ein del vardar ned skaret og til Leknesvatna. Så tok eg bilen heim att frå Skjerlia. Perfekt kveld, natt og morgon i naturen! 







Ingen kommentarer: