Facebook

søndag 12. oktober 2014

Frisk morgontur



Toppen av Skålefjellet sett frå sør mot nord.
Vi ser Toreheia t.h. og øyane i Florø bak der igjen.

Herleg morgontur på fjelltrimposten på Skålefjellet. Og jammen fekk eg oppleve litt sol i dag òg. Ei sol som verkeleg får fram haustfargane i fjellet. Ja, heile liene glødar. Fantastisk flott.

Eg var rimeleg sikker på at eg høyrde ei sauebjølle her opp i går, men sidan eg berre høyrde dette såvidt ein gong, og ikkje såg noko, slo eg det i frå meg. I dag høyrde eg den igjen. Og fekk auge på ein sau og eit lam vest, og ned om, Skålefjellsvatnet. Eg fekk gitt beskjed til eigaren. Det var liten vits i å begynne og jage på desse her oppe åleine. 

I dag gjekk eg ned igjen på austsida av fjellet, og tok opp ein video av ei kvartsåre eg veit er her. Den ligg open i dagen der anna fjell er brote ned. Dei er flotte desse årane. Det er fleire av desse i fjellet her oppe. M.a. på nordveggen i vest. 

Deretter gjekk eg ned gjennom skaret på austsida av toppen, og vest att Skålefjellsurda på nordsida av fjellet. Partiet som hallar mot Stongfjorden. 

Nydeleg tur igjen !


Legg inn en kommentar