søndag 19. oktober 2014

Ein kjapp ein...


Eg sprang ein kjapp morgontur på Skylefjellet i dag òg. Vått og sølete etter noko regn i natt. Eg la att fotoapparatet heime etter at det kom ei solid regnbyge før eg starta, så bildet ovanfor er frå i går. 

Såg med undring at det var kome opp ein stort kvitt skilt om "bading forbode" i Litlevatnet. Tjørna der vatnet renn ned Rindaelva. Personleg har eg aldri sett nokon bade her. (Ja, tjørna innbyr no heller ikkje til bading akkurat - myrlendt og svart som vatnet er).  Og jammen har eg gått forbi nokre gonger opp gjennom åra... Tykte dette var i drygaste laget å få i syninga i dag. Ja, stussar faktisk litt på kva vedtak som ligg til grunn for denne skiltinga... Kanskje har det noko med at stien er Kystarvsti?

Elles er det vel ikkje så mykje å seie. Fin og grei morgontrim...


Ingen kommentarer: