Facebook

søndag 13. april 2014

Fjelltrimmen

Ved Toreheia i dag...

Eg har sidan 2008 brukt mykje av fritida mi på Fjelltrimmen. Eg gjekk sjølvsagt ein del på Fjelltrimmen, og på fjellet før den tid òg, men det var frå nemnde sesong eg satsa litt på det. Sidan eg i år har teke eit friår, tok eg i kveld eit lite tilbakeblikk på desse åra. For oversikta og arkivet sin del. 

Fruen i huset sa eit par sanningsord i fjor haust som eg har lagt meg på minne: "Når du blir gammal må du hugse på kva du brukte all di fritid på"... Eg gav meg difor 1,5 månad før tida i fjor, og starta med å kvile middag i staden! Fram og tilbake til Førde kvar dag, og full jobb, krev jo sitt òg. Så i år tek eg det piano, og går dit eg vil når eg vil... Utan noko press!

Kva det blir til frå hausten av får tida vise. Då kjem iallefall toppane igjen som eg starta med nedanfor. Toppar som eg likar godt! Men ingen poeng overstig det å halde familien intakt....


Sesong 2008
    • Skylefjellet 101 turar
    • Fristadfjellet 40 turar
    • Skålefjellet 52 turar
    • Kvamsnipa 40 turar
    • Driveknolten 40 turar
    • Blegja 11 turar 
Sesong 2009
    • Eitrenipa 52 turar
    • Høgeheia 103 turar
    • Hjartåsen 52 turar
    • Stølsfjellet 52 turar
    • Dokka 52 turar
    • Blegja 11 turar
Sesong 2010
    • Fossedalshengenipa 54 turar
    • Fanafjellet 54 turar
    • Toreheia 63 turar
    • Eggene 54 turar
    • Smørskornova 54 turar
    • Blegja 10 turar
Sesong 2011
    • Fløyen 30 turar
    • Jamneheiane 30 turar
    • Svarthamrane 31 turar
    • Gjelsvikefjellet 30 turar
    • Middagsnipa 30 turar
    • Blegja 5 turar
Sesong 2012
    • Moldura 46 turar
    • Røyrbotnholten 41 turar
    • Kultingane 40 turar
    • Høgefjellet 40 turar
    • Ytrevågefjellet 40 turar
    • Blegja 20 turar
Sesong 2013
    • Indrevågefjellet 60 turar
    • Størdalsstauren 60 turar
    • Stordalsfjellet 60 turar
    • Bakkefjellet 60 turar
    • Blåfjellet 54 turar (Olaug ba meg gje meg 1,5 mnd før tida....:-)
    • Blegja 2 turar
Eg må jo innrømme over for meg sjølv at dette er ein viss porsjon med galskap. Kor mykje får andre vurdere. For dei som er litt inne på poengsystemet utgjer dette 32080 poeng. Kor mange timar og døgn det blir, vil eg helst ikkje rekne på. Mange bilder har det òg blitt. Eg manglar likevel eitt fjell som eg vil ha nokre bilder frå, og det er Kringla. Den står ikkje på programmet for Fjelltrimmen, men hit vil eg prøve å gå dei neste månadane. Det ligg som sikkert nokre kjenner til ved Fossedalen. Så hald ut - her kjem meir stoff på bloggen - om det har vore litt magert i det siste...!

Stay tuned ! Og God Påske !

Legg inn en kommentar