Facebook

lørdag 12. januar 2013

Perfekt januar-lørdag

 Stordalsfjellet kl 10 i dag
  Nydeleg rosa lys i soloppgangen ved Stordalsfjellet

Det vart ein lenge etterspurd januar-dag i dag. Fantastisk vèr. Stille, og minus 6-7 grader i Oslandsbotnen då eg starta oppturen til Stordalsfjellet. 

Det gjekk raskt oppover den frosne vegen i Brekka. Forbi Botnastølen og opp i Porten. Her oppe låg det noko gamal snø. Spesielt i den bratte og nordvende bakken under Portafjellet. No måtte den nye Yatrax broddane testast. Snøen var nemleg knallhard. Nesten is! Broddane var lette å ta på med hanskar. Berre eit par handgrep. Og eg sat på som berre det opp bakken. Opp forbi fjellet, opp det bratte skaret på sørvest-sida, og eg såg lyset....:-) Eg heldt på å seie - etter å ha vandra i skuggenes dal...:-)

  Sola har nett stått opp i søraust ved Heileberget i Dale

Fantastisk! Verken meir eller mindre. Første solstrålane for dagen. Rosa og nye over dei kvite fjella. Ja, det skein sikkert like mykje i auga mine òg... Perfekt! 

Så gjekk eg siste biten bort under Stordalsfjellet, opp over kanten og til varden. Splendido. Eg skreiv meg inn i boka og knipsa nokre bilder. 

Eg sat nokre minuttar på toppen og vurderte kvar turen gjekk vidare. Alternativa var til Rivedalsfjella og mot Kvammen--sida. Eg bestemte meg for å ta ruta nordover, over Norddalen, Middagsnipa og Indrevågefjellet, med retur til Osland. Først og fremst fordi eg ville plukke med meg merkestengene som framleis stod frå Indrevågefjellet til Osland. 

Turen nordover gjekk fantastastisk flott. Pyttar og tjern var frosne, så eg gjekk rett ned skaren på fjellet mot nordaust, over vatnet som ligg her, og ned i Norddalen. Men ned svaberga her hadde eg aldri gått utan gode jarn under skorna. For her låg det is og knallhard skare om ein annan. På langt nær risikofritt om du ikkje var godt skodd. 

Mykje is og skare ned fjellet mot Norddalen
Her ved toppen av nedstigninga.

Med den nye Yatrax-jarna under skorna var det likevel problemfritt å kome seg ned. Og i botnen av dalen, før oppstigninga på nordsida, tok eg like godt av meg jarna igjen. Det var omlag snøfritt opp. Likevel miste eg fotfestet oppe i ei skråning med skare på, men ikkje verre enn at eg tok meg fint inn att (problemet når ein dett slik er at ein nærast skyt fart på det harde underlaget, og er det bratt nedover....) 

Oppe på toppen av fjellet gjekk eg vestover toppane. Fint å ta med seg Middagsnipa i staden for å gå under høgda. Her er det fin utsikt mot nordsida. Til Førdefjorden, Kvammen, Vevring og Florø. Og ikkje minst mot den flotte Ålfotbreen og dei snøfylte fjella i nord.

På Middagsnipa

Eg stoppa nokre minuttar på Middagsnipa. Tok eit par bilder og såg på utsikta. Så gjekk turen vest til Indrevågefjellet. 

Her har eg  jo vore mange gonger i vinter, men det var ei stund sidan no. Litt artig å studere boka som ligg her. Noko besøk hadde det vore sidan sist eg var her.

Deretter gjekk turen ned den vanlege ruta, der eg plukka med meg stengene som hadde stått sidan oktober. Dei hadde gjort si tèn. No lysnar det for kvar dag, og ingen går her med hovudlykt no likevel. Å finne vegen opp er jo ikkje noko problem når det er lyst. Skodde eller ei. Rikeleg varda som her er.

Til slutt var det å småjogge frå Osland til Oslandsbotnen for å hente bilen. Undervegs traff eg forresten Dag-Tore som hadde vore på Stordalsfjellet òg, men gjekk ned att same vegen. Vi slo av nokre ord der inne i vegen. 

Legg inn en kommentar