Facebook

onsdag 10. oktober 2012

Fint på Indrevågefjellet igjen...

Utsikt austover frå Indrevågefjellet.
Vi ser Nordre og Søndre Kringla og Fossedalshengenipa (midten) bak.
Til høgre ligg Portafjellet.
Artig å sjå ryggane på fjella her i frå. Slake mot nord og bratte mot sør. 
Ordet "nipe" er henta frå dette.

Eg tok turen oppom Indrevågefjellet i ettermiddag som i går. Eller det vil seie, eg går før middag med det same eg kjem heim. Same procedure...

Førebels er det akkurat lyst nok til å kome seg opp på Indrevågefjellet og ned igjen før det blir mørkt. Seinare får vi ta i bruk hovudlykta. Det er i grunn det same med Størdalsstauren. No har eg fått tak i nokre nye merkestengar av Svein F som skal vere gode å ha der oppe når det blir mørkt og ryskje i vinter. Desse er av siste sort som ikkje knekkjer så lett og er god refleks på. Det verste er i grunn når alt blir kvitt og svart om kvelden, og du berre ser skorna på deg sjølv. Ein tur på Ytrevågefjellet på hi sida av Vågeskardet i fjor vinter sit endå friskt i minne. Men der var det heller ikkje merka...! 

I dag unngjekk eg ikkje regnet. Så voldsomt mykje vart det likevel ikkje. I tillegg kom det tjukk skodde nedom toppen då eg var på veg ned igjen. Men eg traff akkurat varden på toppen av hammaren likevel. Skodda forsvann like fort som ho kom. Nesten som eit katta-i-sekken opplegg. For då eg var nede igjen var det skoddefritt heilt opp...

Det er flott trimtur opp bakkane på fjellet frå Osland. Kjekt å kjenne at forma er god...!
Legg inn en kommentar