Facebook

lørdag 13. oktober 2012

Bokbyte på Blegja

Første solstrålane for dagen i Kvammen

Eg har vore ein del gonger på Blegja i år. For det meste har det vore folketomt i bakkane oppover. Ganske overraska vart eg difor over å treffe fleire personar i dag. Rett nok skein sola, men ein sur austavind gjorde det ganske så kaldt. Ja rimeleg kaldt var det allereie ved fjorden, då vasspyttane var frosne etter natta. Og med snølaget som låg oppe på toppen av fjellet, i tillegg til vinden og temperaturen, kunne ein no lett tenkje seg korleis det var oppe på platået. Tøft var det difor å treffe folk her oppe i dag. 

Eg starta som vanleg tidleg frå fjorden. Klokka var vel 8.15 eller noko slikt. Raskt fann eg likevel ut at det var gått ein person føre meg oppover. Det kunne ikkje vere nokon annan enn heilt lokale folk sidan det ikkje stod nokon bil i Rørvika. Eg tenkte på A.Leknes. Det stemde. Eg tok han att oppe under Rørvikenipa. Han var avstad for å sjå etter rypene. Vi vart pratande ei stund. Men det var iskaldt i skuggen av fjellet og den friske austavinden. Han gjekk nord om Nipa medan eg tok den vanlege ruta sør om. 

Første solstrålane for dagen fekk eg på meg sør ved Nipevatnet. Sola stod opp rett sør i Blegjaskardet. Så mykje mòn var det ikkje akkurat i desse vàre morgonstrålane. Vinden bles meg friskt i mot og tårene skvatt av auga. 

Første verkelege snøen låg omlag her i frå vatnet og opp. Ikkje så mykje til å begynne med, men stadig meir. Litt obs måtte eg vere, då snøen ikkje dekka alt av skumle holer og søkk mellom steinane. Men heldigvis sat eg bra på. Spesielt tungt vart det heller ikkje, då eg slapp å vabbe i snøen. På toppen låg det vel omlag 20-30 cm kan eg tenkje meg. Litt varierande djupne kor snøen hadde lagt seg. 

Det var verkeleg kaldt der oppe i dag tidleg. Eg toppa ut ca 10.15 i isande kald austavind. Kor mange kuldegrader det var veit eg ikkje, men det skal jo ikkje så mange til før det blir kaldt når det er vind. Eit vindkast heldt faktisk på å blåse sekken min ut for kanten på nordsida. Heldigvis nådde eg han att. (Det første eg gjorde på toppen var heldigvis å skifte klede...:-))

Så slo eg laus snø og is frå hòlet der fjelltrimboka låg. Tok den gamle boka med meg i sekken, og la den nye på plass i ny boks opp i den gamle boksen. Tulla eit par nye plastposar rundt og la dette inn att i varden på same plassen. Mission completed!

Eg tok deretter nokre bilder og ein snutt på kanten i vest, før eg gjekk ned att same vegen. 

Ned i urane att måtte eg lette litt på utstyret. Dunjakka pakka eg ned igjen i sekken i lag med vottane. Fiska fram eit tynt vindtett "skjørt" ut att på den nye Brynje skipullien eg har kjøpt meg, og kjende meg raskt ledigare. 

Første paret på veg oppover traff eg ovanfor Nipebua. Det var Florø-folk som eg har treft her oppe før. Vi stoppa sjølvsagt og prata litt om forholda lenger opp. Kjekke folk. Og ikkje så langt nedom her igjen, i bakken under hytta, traff eg på par nummer to for dagen. Desse òg heimehøyrande på hi sida av fjorden, nærmare bestemt Stavøya. Det viste seg at dei to ungdommane, søsken forresten, aldri hadde vore her oppe før. Ganske friskt å ta seg opp her første gongen på denne tid forresten. Så eg forklarde dei litt om vegen vidare. Sympatiske og kjekke, så eg fekk knipse eit bilde. Under ser du såleis Bjarte Jakob Eikevik og Renate Eikevik (håpar eg hugsar namna rett....)

 Sporty ungdommar på Blegja i dag

Etter å ha sagt god tur vidare, bar det nedover siste stykket til fjorden igjen. Klokka var godt 12 då eg køyrde ut att i Stongfjorden. Rett på butikken etter 3 x 1,5 liter Olden sitron med kolsyre. På tide å få i seg noko drikke, ja kanskje litt mat òg...:-) Flott tur!



Legg inn en kommentar