Facebook

fredag 1. juni 2012

Friskt rundt øyra


Eg var ein frisk tur på Staveneset seint i går kveld. I full vinterhabitt. Tjukkaste dunjakka og hanskar. Nordakulingen reiv i ansiktet som kaldaste vintradagen. Men du verda kor klår lufta var. Ingenting slær slikt nordavèr når det gjeld klårleik på fjell og hav. Dei varme dagane som var her hi veka skapte berre dis ute i synsranda. I kveld var det derimot heilt annleis. 

Eg tok nokre bilder av opplevinga. Ikkje at dei fortel noko særleg om kor friskt det var, men likevel...  


FOTO Fra Staveneset 310512
Legg inn en kommentar