tirsdag 26. oktober 2010

Tøffe forhold


Sterk vind og snøfokk på Svarthamrane i kveld

Det var tøffe forhold på Svarthamrane i kveld. Alvorleg sterk vind. Og i kasta var det vanskeleg å halde seg oppreist. Eg var såleis ned på fire eit par, tre gonger oppe på toppartiet. 

Det starta egentleg greitt opp Gjerdedalen. Sjølv om den no våte snøen var ein del glattare enn den tørre som låg i helga. Ikkje bles det noko heller. Men sidan vindretningen var søraust, rekna eg med å treffe på vinden oppe på det relativt flate toppartiet. Eg fekk meg likevel ei overrasking då eg passerte skoggrensa oppe ved Alteret, og såg opp i Mannsskaret. Rennefokket stod som ein kvit vegg ned dalen og vestover mot Fanafjellet. I farten hadde eg ikkje teke med meg brillene, så dette kunne bli tøft. Hardt vart det òg å gå her i frå. For alle spora frå helga var blåst igjen. Så eg måtte til å brøyte opp igjen nye spor.

Oppe i det bratte skaret som vender aust/vest, slo vinden til med alvorleg styrke. Fokket kom som ein tornado rundt hjørnet på hammaren i botnen. I det minkande lyset var dette ei utfordring. Eg strama hetta, snøringane i jakka, på med hanskar og det som var, og formeleg heiv meg ut i det. Det var som å få ein betongmur i fleisen. Snøen stakk som nåler i andletet, eg heiv etter pusten, og hadde problem med å fòte meg. Men heldigvis var snøen nesten vekke her nede i botnen av skaret. Den hadde blese til pises vestover. Så sjølv om eg hadde drevet midt i fleisen, gjekk det forholdsvis greitt opp første delen. Mot toppen derimot låg det mykje snø. Her hadde nok deler av det som låg lenger oppe blitt frakta ned under kanten, så her vart det ein kamp både mot vinden og snømassane for å komme meg opp. Det gjekk. Men på toppen måtte eg formeleg krype i den sterke vinden. Eg kom meg i skjul bak eit framspring av ein hammar. Det var som eit reint inferno... Eg hadde likevel inga tid å misse, for eg var bestemt på å komme meg til topps før det vart heilt mørkt. Å snu var ikkje noko alternativ.

Bortover siste partiet mot toppen er platået heilt eksponert for drev frå alle kantar. Og det låg djup snø som hadde fokka seg.  Eg seig stadig gjennom til langt opp på låra. Og så pumpa som eg var no, svei det skikkeleg i føtene og dra seg laus igjen gong etter gong. Pusten gjekk som eit stempel, sveitten dreiv i vindkasta, men til slutt nådde eg bort til varden. Her var det likevel minimalt med skjul, men eg greidde å knipse eit par bilder før eg gjekk bort igjen same vegen medan eg endå såg spora. Og det var berre såvidt enkelte plassar. For jammen bles dei til igjen med ein gong. 

Eg kom meg så fort eg makta vestover toppartiet igjen, ned om hammaren og bort i skaret. Her bles det minst like ille. Eg sjangla i vinden. Alle snø var borte, og eg måtte sjå opp for dei kvasse steinane som stod opp. Med litt varsemd kara eg meg ned under kanten og ut av den verste vinden. No var det blitt så mørkt at eg måtte tenne hovudlykta.

Som sagt låg det mykje snø nedom øverste kanten på skaret. Så eg sette meg like godt på rumpa og segla ned halve dalen. Paramo-buksa gjekk som eit skot. Morsomt! Og no var det meste egentleg gjort. For lenger nede ved skråberga, tek Skålefjellet av for denne vindretningen. Så her i frå og ned var det berre å følgje den vanleg ruta og spora i lyset av hovudlykta. 

Puh - det var litt av ein tur. Temmeleg friskt på toppen ja. Ei lita påminning om at det kan vere greitt å ha med seg litt ekstra utstyr framover. Det hadde vore godt med briller og balaclava i kveld... Vinteren kom liksom litt tidleg i år...!

Ingen kommentarer: