lørdag 26. juli 2008

Tøft og varmt


Kringla, Søndre og Nordre på ruta frå Massbu til Nipebu

Blegja og Storehesten frå Likkjeblegja i dag

Todagars-turen eg skreiv om på bloggen hin dagen vart ikkje heilt som tenkt. Den vart litt forkorta, til ein lang eindags-tur. Det vart inga overnatting på Nipebu denne gongen og Skålefjellet vart kutta ut.

Eg starta i Rørvika ca kl 08 og gjekk på Blegja. Eit lite skylag låg perfekt framfor sola heilt opp til hytta. Akkurat som sist eller gongen før. Det gjekk kjapt og fint heile vegen til topps. Og eg trur knapt eg har nådd toppen på kortare tid. Godt før kl 10 toppa eg ut i berre shortsen og joggesko og ei rumpetaske, i strålande sol og ein liten kjølande bris. Nydeleg!

Eg gjekk så sørover platået og ned sørvestkanten til skaret mellom Blegja og Likkjeblegja, og opp på sistnemnde. Det er veldig bra utsikt til Dalsfjorden og Dale her i frå. Blåegga-massivet tronar vestover.

Turen utover til Eitrenipa er tøffare enn du trur, hvis ikkje du er noko kjend. I luftlinje er det ikkje så langt kanskje. Du har Eitrenipa i sikte det meste av vegen. Men opp og ned, og fleire forkastningar mot gåretningen vestover, tek tid og krev innsats. No har vi varda utover slik at det er lettare å finne "hola" opp og ned forkastningane. Det sparer ein tid på. Eg tok ca tida i dag frå Blegja til Eitrenipa, og det gjekk faktisk lenger tid ut på Eitrenipa enn det gjorde frå Rørvika til Blegja. Det er såleis ein grei målestokk hvis du tek turen. Eg toppa ut Eitrenipa litt før 12.30.

Det hadde vore veldig behagelege forhold heile vegen hit. Ein litt kjølande vind hadde gjort det heilt topp å gå. Det vart annleis vidare vestover i lågare lende.

Eg gjekk ned skåra som vender sørover på framsida (her er ei skår som nesten går identisk ned på nordsida mot Leknesvatna òg. Går du ned her kan du gå til Markavatnet som eg gjorde sist). Og vidare ned Eitreskaret og tok den merka løypa mot Nipebu.

Det vart frykteleg varmt. Det steikte i bakken ned skaret. Lufta stod stille. Og sveitten sila... Eg var for alvor begynt å kjenne kva eg hadde gitt meg i kast med. Heldigvis er det ganske mykje unnabakke til du står på kloppa ved sørenden av Krokavatnet. I elva her stakk eg heile hovudet under i det halvlunka vatnet fleire gonger, og drakk grådig gong etter gong. Eg var tung i hovudet, svimmel og sliten i beina. Eg tenkte på dehydrering...

Heldigvis hadde eg teke med meg nokre XL1 tablettar (druesukker) og rosiner i ein pose. Eg heiv inn på eit par nevar med rosiner og saug i meg eit par tablettar. I tillegg fann eg ut at buffen eg hadde med meg kunne vætast og brukast til å kjøle ned hovudet med. Det var faktisk ein god idè. Resten av stykket mot Nipebu gjekk difor bra.

Eg hadde tenkt gjennom ein alternativ plan når eg kom fram til Nipebu. I stadenfor å overnatte og bruke søndagen på Driveknolten og ut att på Skålefjellet, kutta eg overnattinga og sistnemnde fjell. Det ville bli like varmt i morgon. Og eg var ikkje heilt innstilt på ein slik dag til, sjølv om det var kortare søndagen til Stongfjorden. Når det så viste seg at det var litt opptatt på hytta òg, bestemte eg meg for å ta Driveknolten og gå til Rivedal etterpå.

Eg hadde informert Olaug på førehand. Ho hadde visst lege i fjæra heile dagen, så det gjekk greitt å få henne til å hente meg.

Turen sørover frå Nipebu til Svartetjønna gjekk for så vidt greitt. Her er jo litt opp og ned her òg. Men sola steikte mitt i fleisen og det var vindstille. Eg var glad for kvart minste skuggeparti eg fann. Det var visst sauene i området òg...dei var ikkje vanskelege å finne!

Frå Svartetjønna og opp dei krevjande bakkane på Driveknolten gjekk det seint. Eg var trøtt i føtene og hovudet etter ein lang og særs varm tur. Eit par tre mindre stogg og nokre munnfullar blåbær halvveges opp hjelpte faktisk bra på. Og eg fann nye krefter opp dei siste, bratte svaberga. Varden nådde eg kvarteret før 16. Flott! Høgare opp skulle eg iallefall ikkje fleire gonger i dag!

Eg åt opp resten av rosinene og drakk opp siste resten av vatn, før eg gav meg i kast med vegen vestover til Rivedal. Sola steikte ubarmhjertig på den oppheta kroppen min. Men no var jo enden i sikte innen ein times tid. Eller det vil seie - det gjekk vel nærare 1,5 time før eg var i Rivedal igjen. Det var blytungt siste stykket. Føtene brann i joggeskoa. Då er det heller ikkje moro å gå nedover bakke. Heldigvis låg heile vegen til kraftverket i skugge ned til Rivedal. Det var ei lette... Etter 9 timars gange, utan pausar å snakke om, var det nok både fjell og sol i dag...

Det var ein tøff tur, spesielt siste delen. Første halvparten var rein nytelse i kjølande vind høgt oppe. Deler av den siste, reine styrkeprøva og ganske slitsomt... Og i kveld kjennest det ikkje ut som eg ville ha gjort turen opp igjen - iallefall ikkje i morgon....:-)


Ingen kommentarer: