søndag 8. juni 2008

Kjensla av turrhøy



Stein på stein på Skålefjellet

I gamle dagar var familien vår alle somrar på Boge på "Klippen" (Peter). Det var ei hytta som stod oppe på fjellknatten der Arthur sitt hus står i dag. Hytta hadde verken innlagt vatn eller toalett. Nei, vatnet måtte vi hente på garden og utedoen stod nokre meter borte i bakken. Vi var 4-5 ungar på den tid i familien. Eg tenkjer tilbake på denne tida med stor glede. Det enkle er ofte det beste har eg funne ut. At det var litt spartansk det heile gav no vi ungane ein god dag i. (Kanskje difor eg likar det enkle friluftslivet. Har meir sansen for Nipebu og andre DNT-hytter enn luksuspalass misplassert ute i fjellheimen!) Det var likevel alltid litt surt å bere opp vatn, men vi var ikkje vane med noko anna. Det var ofte eldstemann som måtte trå til - du veit sikkert kven det er...:-) Luksus fanst det lite av. Det måtte i tilfelle vere når vi fekk kjøpe Donald eller Kaptein Miki på butikken i Holmedal, og kanskje litt snop i tillegg.

Dagane gjekk med til bading, fiske på fjorden, tur med snekka til Hjalmaren, sjå etter laksenota, sette garn i Bakkevatnet. Det var alltid noko å finne på. Vi var mange ungar på Boge på den tid. Hjalmar og Sigrid hadde jo 8 sjølv, om ikkje dei to eldste alltid var heime. Impulsane i kvardagen var i hopetal. Vi la oss utmatta kvar ein einaste kveld, friske som fiskar.

I slåtten hjelpte vi alltid til. Det var ein sjølvfylgje å vere med på hesjing og stå i siloen, rake og brøye høy. Og så var det kampen mot regnet. Var hesjane turre? Var det brøya høyet i Bogane turt til å ta opp? Og snakket om regnet rundt grautaskålene om kvelden. Kjem det no eller kanskje då? Ein hadde ikkje vèrmeldingar som viste utsiktene frå time til time då. Og ofte kampen med å få inn høyet før dei første dråpane kom. I mange år var dette ein del av sommardagen mine.

Eg fekk litt same kjensla oppe i Gjerdedalen i føremiddag. Eg kjende det på vinddraget, og såg det på skyene frå sør, at regnet var undervegs. Det varme og kalde draget om ein annan av vindkasta, var ikkje til å ta feil av. Og eg i berre shortsen. Ikkje det at litt sommarregn på bar kropp hadde gjort noko. Tvert imot hadde det vore forfriskande i over 20 varmegrader og hordar med småfluger svirrande rundt hovudet. Men likevel.

Det vart med mimringa. Regnet kom ikkje det. Rett nok tok vinden på toppen meir enn på lenge. Og ute i havet var himmelen mørkeblå. Men eg nådde opp og ned utan ein einaste dråpe på kroppen. Kanskje litt dumt likevel? Hadde sett ei ekstra spiss på turen? Noko som ein hadde hugsa...

Artig kva assosiasjonar som dukkar opp. Har det med alderen å gjere? Alt ein har fått erfare og oppleve? Og så dukkar det opp liknande situasjonar? (Deja Vu har eg skrive om før!) Sommrar og Boge dukkar iallefall stadig oftare opp. Det var jo einsbetydande med det same. Takk Hjalmar og Sigrid!

Tida på Boge har stoff til ei heil bok. Kanskje det blir det ein dag?

Og barndommen, ja, den var som ei einaste stor sol - og sola skein kvar dag....


DEL 2

Eg såg ei glipe i skydekket i vest. Etter styrtregnet og skodda som seig på. Eg tenkte på Skylefjellsnissen. Han venta meg sikkert no når regnet og skodda endeleg var her igjen. Det var jo dagen før nasjonaldagen, i skodde og regn, ja, på sjølve jubileumsturen, vi fekk anledning til sist å treffast.

Så eg fekk no så snarast helse på gamle nissen sjølv her oppe. Han var sjølvsagt særs glad for å sjå meg att. For etter mange harde økter i vinter, veit vi at vi kan lite på kvarandre. Sjølv om det går litt tid mellom kvar gong vi får helse på. Det er godt å ha ein ven ein kan lite på. Det treng både nissar og folk.

Hello old friend it`s really good to see you once again - Eric Clapton

2 kommentarer:

Anonym sa...

Fint å lese….🌿

Gustav Skaar sa...

Tusen takk Anonym!