fredag 28. november 2025

Adventsol

Då går vi inn i første helga i advent med mørketid og adventslys. Eg har såleis laga ein serie bilder med naturleg adventslys og desembersol. Og sett musikk til. Ynskjer med dette alle ei god adventstid og god helg!  

fredag 14. november 2025

Portafjellet

Portafjellet t.v. i midten bak frå Osland i dag. Vardenova i midten.

Portafjellet 773 og 779 moh frå Osland i dag

Portafjellet frå Oslandsvatnet i dag

Eg fekk spørsmål om rute til Portafjellet 779 moh her om dagen. Fjellet som ligg omlag midt mellom Skorva, Rivedal og Stongfjorden. Rett vest for Stordalsfjellet og aust sett frå Osland. Fjellet er ikkje blant dei mest besøkte i kommunen. Truleg sjeldan her er folk sidan det ikkje ligg inne på noko fjelltrimprogram. Utan merka stiar og gps tracks (etter det eg kan sjå). 

Fjellet er som antyda rimeleg greitt  finne frå Skorva. Og då gjerne via Stordalen (sjå kart). Fjellet ligg beint mot vest. 

Også frå Rivedal er det lett å finne fram ved gå opp til Lisetstølen, Røyrbotnen og følge deler av DNT-løypa til Nipebu sør om Vardenova. For deretter å gå ned i vestre enden av Stordalen, og opp dalen mellom Stordalsfjellet og Portafjellet. Og så vidare opp kammen/austsida til toppen (sjå kart). 

Tredje alternativet er å gå frå Oslandsbotnen til Botnastølen. Deretter opp lia mot aust/t.v. til du kjem opp til Portavatnet (N - det små) (det er avmerka to vatn med dette namnet på kartet). Følg så vidare elva som kjem ned dalen og opp lia mot sør der ein rundar den bratte og karakteristiske fjellkanten. Her er ei bratt bakke ein kan følge opp (litt luftig) og rett aust om toppen kan ein klatre opp ei ny skår til toppen. Alternativt kan ein frå toppen av lia gå til øvst i Stordalen og ta same ruta opp som først nemnt frå Skorva. Å gå inn Norddalen frå Oslansvatnet er òg fullt mogeleg. Elles er det ein fin tur å gå frå Nipebu til Portafjellet og Stordalsfjellet (i same slengen). Her er med andre ord fleire greie måtar å kome seg hit på.  

Frå toppen av Portafjellet er det nydeleg utsikt mot vest til Stongfjorden, Skålefjellet, Toreheia og Ytrevgefjellet, mot aust ser ein heile perlerada av dei flottaste fjella i kommunen, kort nemnt Blegja, Eitrenipa, Fossedalshengenipa, N&S Kringla. Mot søraust Heileberget med Fløyen. I sør ser ein mot Rivedalstraktene og i nord Førdefjordsida. Nydeleg utsikt i alle retningar. Trygt kan eg seie at Portafjellet er ei lita gøymd perle. 


onsdag 5. november 2025

Skjolden langhelg



Inn mellom besøk, barnepass og sosialt samvær i Skjolden denne helg vart det også tid til eit par "lufteturar" til fjellgardane på Rebni. Eit område eg ikkje hadde vore på før. Den eine turen i lag med Olaug. Desse turane gav lyst og motivasjon til å prøve lenger oppover i dette området ved eit seinare høve. Vidare inne i dalen mot Mørkrids og opp mot Osen og Åsetevatnet har vi vore fleire gonger. 

Frå Rebni er det flott utsikt til Skjolden og ut Lustrafjorden til Molden. Eg laga ein liten bildeserie på vedlagde link.

Foto Skjolden 3110-031125