Veldig koseleg "pensjonist-tur" i Stongfjorden i dag då den nye trim gruppa i Askvoll tok turen hit. Ei passeleg gruppe turglade møttest ved skulen (sjå foto). Vi køyrde deretter til Yndestad der vi starta turen inn Solsidevegen. Vi møtte her ute Magnar Vie som ekstra lokalkjend. Han kan mykje om den gamle aluminiums-produksjonen og kraftindustrien i bygda. Til fuglekvitter og blant nysprotne varme tresortar, kvitveis og kusymre gjekk vi så i passeleg tempo og god tid for prat inn Solsidevegen. I enden her fekk alle skrive seg i trimboka som ligg ute.
Etter å ha gått ned til, og kryssa hovudvegen, bestemte vi oss for å gå Industriminneløypa (her er elles to, tre andre alternative ruter). I starten på denne tok vi oss ein matbit med kaffi og anna drikke. Sosialt og kjekt. Med ein stopp på den gamle brua nedanfor demma fortalde Magnar om kraftproduksjonen i bygda (brua vart forøvrig bygt opp igjen for nokre år sidan av SFE). Deretter gjekk vi om Åsen og ned til inntakskammeret for den gamle kraftutbygginga. Her hadde vi ein ny stopp for nye forteljingar og historier. Til slutt gjekk vi så ned alle trappene ved kraftrøyra og til stasjonen i sentrum.
Sosial, lærerik og kjekk tur i dag dette. Takk til alle for nokre fine timar i lag i stille og opplett vårvèr.
Slik det var:

Damvaktarbustaden og gamle demma slik den var for ca 100 år sidan.
Den gamle brua og plankerenna t.v.
Foto Paul Stang ca 1920.
Plankerenna og brua t.v.
Foto Paul Stang ca 1920