torsdag 30. januar 2025

Februar i bilder

 

Arkivbilder frå februar - ein månad som kan by på mange kontrastar her på kysten. Snøklokkene poppar opp, men vinteren er brått tilbake på eit blunk. Likevel - det lysnar kvar dag. Det går rette vegen mot vår... 


onsdag 29. januar 2025

Reine påskestemninga

 




Det var reine påskestemninga på Høgeheia i dag. Tørt og fint i stien. Og solskinn. Vi har ikkje vore for mykje vande med det i det siste. Rett nok var det sporadisk litt is oppe mot toppen. Men ikkje noko å snakke om - det er berre å trakke ut om. Så her er det berre å ta turen både for liten og stor!


mandag 27. januar 2025

Gamle bilete





 På Møteplassen i Askvoll i dag hadde Audun Høvik teke med seg nokre bilete som var tekne av Paul Stang for over 100 år sidan. Onkel til Audun, Paul, var ein framifrå fotograf frå Stongfjorden. Og lenge før si tid. Tre av bileta som er avfotograferte her er tekne ved Krokavatnet og Tjuvbergsnova. Sistnemnde er kjend frå segnet om tjuvane som heldt til her og som røva i Fossedalen - dette er beskrive tidlegare fleire stadar mellom anna her

Det var veldig kjekt av Audun å ta med desse bileta. Vi tykkjer det er god historikk i slike. Og som ei flott oppfølging til innlegget om eitt av fotoapparata som Audun har i sitt eige etter Paul Stang. Dette kan du sjå på Stongfjorden sida her.

Audun hadde og med bilete frå Nedgardstølen i Rivedal frå ca 1920. Du ser dei under her. Menneska er ukjende. Kanskje dreg du kjensel på nokre. Teksten under følgde første biletet. 



tirsdag 14. januar 2025

Snøen som forsvann





Vi fekk nokre nydelege vinterdagar nyleg. Som forrige lørdag med solnedgang på Staveneset. Men no er her grøne bøar igjen, silande regnvèr og vind. Slik er vestlandet vintersdagen. Vi får ta det som det kjem. Uansett har sola snudd. Og snart set vi oss på eit fly sørover. 

Foto Alden og Staveneset x 4

onsdag 8. januar 2025

Inga skam å snu

Morgonstemning på Staveneset med utsikt til m.a. Kinn, Reksta, Skorpa og Batalden
Det ligg mykje snø opp bakkane frå Holevika til Høgeheia
Vinterstemning på Staveneset

I dag måtte eg snu på veg til Høgeheia. Det var ikkje pust igjen. Og syra svei i føtene. Med dei snømengdene som låg opp bakkane frå Holevika måtte eg berre seie til meg sjølv at det var inga skam å snu. Med fine vèrmeldingar resten av veka skal eg gjere eit nytt forsøk på fredag. No veit eg kva eg går til. Og kjenner eg Høgeheia rett er snøen meir avblesen oppe mot toppen. Og no med spor opp der det ligg mest snø. Betre lukke neste gong...😎