fredag 29. november 2024

Adventshelg i kjømda

Første sundag i advent nærmar seg med stormsteg. Så her er ein bildeserie for desember.

God adventshelg 🎄🎅

onsdag 27. november 2024

Nydelege Gjelsvikefjellet

Veldig nøgd på toppen 😃

Soloppgang ved Eitrenipa

Gjelsvikestølen i morgonlys

Selvikestølen (på returen no i sol)

Karakteristiske Fossedalshengenipa sett frå nord

Aldeles nydeleg tur til Gjelsvikefjellet igjen. Via Fesselia i Skorva, Selvikestølen og Gjelsvikestølen. Eit par minusgrader hadde gjort stien delvis frosen og isete. Så eg brukte broddar frå omlag halvveges. Veret var elles heilt praktfullt. Skyfritt. Og sola skein sine første strålar over Markahengenipa då eg kom eit stykke opp lia. 

Selsvikestølen låg i skugge då eg kom opp hit. Men morgonsola stråla over Gjelsvikestølen lenger oppe. Med perfekt utsikt til Eitrenipa og Blegjamassivet (sjå foto). Innover Førdefjorden derimot låg det tjukke skodde. Og lenger oppe kunne eg sjå skodda under meg ligge ut heile fjorden - nesten til havs. 

På toppen var det utruleg flott. Vindstille og ei låg sein-novembersol. Ja, såpass at eg kunne ta meg eit par skiver etter å ha skifta litt sveittevåte klede. Ja, flottare tur enn den i dag kunne eg ikkje tenkt meg... 😄 Sjå elles foto og video i 4K!
 

Video i 4K frå Gjelsvikefjellet

onsdag 20. november 2024

Møte med utegangarane igjen





Det kjennest ut som vinteren kjem tidlegare og tidlegare kvart år. Men det er vel gjerne ein illusjon. Iallefall vart det reint vinterleg no med minusgrader og lett snøfall. 

Eg kom meg likevel på Høgeheia igjen i dag. Ei stund sidan sist no. Nokre minusgrader i natt hadde gjort stien knallhard. Også isete over hamrar og steinar somme plassar. Med lett snø opp igjen på veit vel alle at dette kan vere utfordrande. Ikkje verre enn at ein fint kan trakke utom slike lumske kvite steinar... 

Elles traff eg på utgangarane oppe ved toppen. I eit område eg har møtt dei ved fleire anledningar. Dei såg heilt fine ut i novembersola. 

Fin trimtur!

torsdag 14. november 2024

Tilbake på fjellrangling

Ein hyggeleg liten passiar på toppen av Gjelsvikefjellet i dag


Eitrenipa t.v. og Fossedalshengenipa t.h.

Blegja i skodde og Keisarlivatnet i framkant

Det har vore litt for lite fjellrangling i det siste. Mykje dårleg vèr og barnepass får ta deler av skulda. Men kanskje viktigast - at eg ikkje MÅ avgarde til fjells lenger - i alt slags vèr. Sikkert like greitt 😄 

Vel, i dag vart det likevel til ein tur på den nye fjelltrimposten på Gjelsvikefjellet i Kvammen. 663 moh. Der Olaug og Sissel vart med. Av arbeidsmessige årsaker kom vi oss ikkje avgarde før nærare klokka 12, så beste vèret gjekk frå oss. Likevel kom vi oss vel opp og ned medan det var opplett.

Elles ganske så blautt mange plassar. På ruta via Fesselia, Selvikestølen og Gjelsvikestølen. Vèret var noko disig, med 5-6 plussgrader. På toppen litt sørvest trekk. 

No lei det såpass langt på dag i dag, i forhold til lys og regnet som var venta, at noko matykt på toppen vart det ikkje anledning til. Vi får håpe på fine haustdagar framover så kaffien og skivene blir etne på fjellet - og ikkje heime igjen.... 😄

Foto Gjelsvikefjellet 141124