Med eit januar-bilete frå ruta frå Skorvemarka til Nipebu og Fossedalshengenipa ynskjer eg alle lesarar av bloggen
Godt nytt år.
Nokre minner frå 2021 finn du her:
Med eit januar-bilete frå ruta frå Skorvemarka til Nipebu og Fossedalshengenipa ynskjer eg alle lesarar av bloggen
Godt nytt år.
Nokre minner frå 2021 finn du her:
Blåtimen på Yndestad |
Stongfjorden frå Solsidevegen |
Skålefjellet frå Solsidevegen |
Solsidevegen |
Staveneset |
På Yndestad og ut fjorden |
Stongfjorden i desemberlys |
ds |
Framside: Fin tur i Liavika i sommar der deler av storfamilien var samla
Ved solsnu.
Det er ikkje til å kome vekk i frå at året 2021 har vore utfordrande. Den eine pandemien etter den andre... Og helsemessig tøft på andre måtar (dei som kjenner meg veit vel kva eg snakkar om). Ja, det er som det var sagt hin dagen - vi er komne i reparasjonsalderen - og det eine tek det andre...! Men når eg ser tilbake på bilda frå året som har gått, har det også vore mange flotte stunder. Konfirmasjon for Vegard i Leikanger og Sander i Førde. Og Marie og Øyvind som fekk seg ei jente (foto privat). Dessutan mange flotte turar. Turar som eg sikkert har blogga før. Eg sette likevel i hop ein liten samleserie som vist ovanfor. Ein slags årskavalkade om du vil. Nokolunde etter dato. Ein bildefilm som er lett å finne tilbake til.
Stongfjorden 21/12 |
Når eg på nyåret er "på beina igjen" - 6 veker etter handleddsbrotet ved Kvamsnipa i Skorvemarka. og såleis det andre lengre avbreket frå fjella i år - så håpar eg å få lagt fleire bilder og historier på bloggen. Bloggen som er 15 år i romjula! Ikkje dårleg berre det. Så med dette ynskjer eg alle ei God Jul og eit retteleg Godt nytt år🎄🎅
Skålefjellet i Stongfjorden er ei magisk perle av eit fjell. Med sine 767 moh kneisar fjellet over bygda og fjorden. Stupbratt på nordsida. Kupert på sørsida mot Holmedal-traktene. Fjellet er lett å kjenne igjen frå fleire himmelretningar.
No er det ein månads tid sidan eg fekk gå opp hit grunna eit handleddsbrot. (Blogg her). På ein regnfull søndag med snø og sludd i fjellet, kan det vere kjekt å nyte litt bilder frå tidlegare...
Skålefjellet 6/11. Foto teke mot Holmedals-traktene i sør. Fjellet består av lagdelt kvartsitt - ei eiga "øy" i fjella her.... |
ds |
Eg skreiv i si tid litt om fjellet i Opptur-boka (side 429). Boka som beskriv turruter i Sogn og Fjordane. Mange har sikkert boka. Skålefjellet er eit flott turmål med fantastisk utsikt. Fjellet er også fjelltrimpost på Askvoll og Holmedal idrettslag (AHIL) sin fjelltrim for sesongen -22.
Skålefjellet i dag tidleg |
Adventstemning på Solsidevegen |
Oslandsvatnet i dag tidleg |
Yndestad i går ettermiddag |
Stongfjorden i går |
Ikkje så rare greiene om dagen. Trasketurar til Osland og heim igjen. Vèret er no bra. Og handleddet mitt gror vel til igjen. Spørsmålet er kor tid eg kan ta sjansen på noko meir utfordrande enn å gå reine asfalt-turar... Vi får sjå det an. Elles er det no sjakk på tv-en. Og det er no kjekt...