Ein song for Fossedalen. Tusen takk til Kari Eikenes Helle for tilsendt dokument av fjelltur til Fossedalen for 100 år sidan. Rivedalskarane sette pris på flott natur - dei òg. |
Ovanfor nokre foto frå Fossedalens Dag. |
Frå ungdomslagsavisa til Rivedal ungdomslag 1923.
"På fjelltur til Fossedalen"
Me var nokre gutar som hadde skipa oss til å taka
oss ein tur inn i Fossedalen
ein godverssundag. Me snakka att og fram om me skulle ha kvinnfolk med oss på turen. Nokre meinte at fjelltur utan kvinnfolk med i
laget høyrde ikkje heime. Nokre orda frampå at det var berre eit drags og eit strev med desse ubehjelpelege kvinnfolka, og ikkje
fekk me tumle oss so me ville heller, skulle dei vere med. Enden på visa vart
at fleirtalet stemnde i
mot kvinnfolkdrags, og dermed vart kvinnfolka stengde ute frå vårt lag. Turen vart
bestemt til komande laurdag dersom veret vart lageleg.
Nedre Fossedal såg nok ikkje slik ut for 100 år sidan, men det var her reisefylgjet frå Rivedal var på fjelltur |
Laurdagen
kom med strålande fint ver,
akkurat lageleg til ein fjelltur. Klokka seks etter middag
kom dei første av
laget som skulle vere med. Til mi store
undring såg eg han Peder kom i fylgje med ei jente. Skal
tru om ho skal vere
med, tenkte eg. Jau, det var nok så laga.
Eg kan ikkje seie anna
enn eg vart lett
om hjarte. Det var nok
i grunnen ikkje så toske å ha
kvinnfolk med likevel, men drosa ville ikkje vere åleine kvinnfolk
med på turen. Det var ikkje anna råd enn at eg måtte stad å høyre
om ho Nele
og ho Randi Olina ville vere med. Jau, dei var ikkje
uvillige. Dei skunda seg til å gjere seg i stand.
Då me skulle gå i båten, vart me ute for ei syrgjeleg
ulukke med at ei aktverdig lærarinne kom pustande og spurde om det ikkje var
slik avgjort at
det ikkje skulle vere kvinnfolk med på turen, for det var det
verste ein kunne ha med på ein fjelltur. Men du store min kor
jentene gjorde seg til. Deigjorde kort prosess. Var det så meint skulle
dei visst ikkje vere med
oss til drags
og plage, og dermed gjorde dei heilt om og marsjerte sin
veg, og att stod me med lang nase og murra med oss sjølve. Jau, no vart me fint avslørte.
Men sturinga var ikkje lang.
«Så ristet man sorgen av», og i
veg bar det med båt innover fjorden. Fjorden låg dørgande still,
og dei solgylte fjelltoppane spegla seg av
i sjøen.
"Fjorden låg dørgande still" |
Då me kom inn til
Berget, vart me vis med
at stølsjentene var fram
på Nova komne. Der hadde dei laga seg eit drusteleg bål som brann. Ender og gong sende dei brennande einebusker som sakte glei nedetter løypestrengen, og dei såg ut som logande
«Halleys kometar». Att i mellom var det song
og kveing så det ljoma mellom fjella. Me skjøna at dei gjorde
seg lystige fordi
me skulle tru dei gav seg ein glad dag
i turen vår. Men
me slo ikkje av på lystigheita me som var i båten heller. Me stemde i å syngje
å spele munnspel, so eg trur visst det kunne klart seg
med det halve.
Då me kom
inn til Otresteinen, sa han
Sigvald det, at no måtte me halde konsert til Otresteinfolka, og
opp av lomma vart
det dregne tre munnspel. Det vart spela og sunge: «O, det er herligt og underbart, og reint fagert tok konserten seg
ut i den døkkstille sommarkvelden. Han Kristian sa det etterpå: «Eg trur det gjorde verkning
på Otresteinsfolket.» Det hadde visst
gjort verkning på honom og, for han såg so tankefull
ut då han sa det.
"Då me kom inn til Otresteinen, sa han Sigvald det, at no måtte me halde konsert til Otresteinfolka" |
Klokka var kring elleve då me kom inn i Fossvika.
Det vart til
ein liten diskusjon om kva me skulle gjere med båten. Skulle me få nokon til å ro båten heimatt, eller skulle me late den liggje og ta heimvegen
om Fossvika. Men det endelege
vart at me skulle
få han Søren i Vika til å ro båten ut att, og me taka
vegen utover fjella. Men
Fossvikfolka var lagde og sov på det beste. Skulle me våge å vekkje dei? Jau, det vart til
det at han Erling og han Sigvald gjekk
bort å banka
på. Det varde før det kom
nokon. Karane som
stod på trappa mulla om at dei var viss om at
han Søren trudde
det var tater.
Om langt og lenge kom han Søren
ut. Gutane orsaka seg med
at dei gjorde han umak, men Søren meinte
det var ikkje so farleg med det. Jau, det var
det om han kunne vere så bra å ro
båten heim. Jau,
det skulle han gjere, for han skulle no ut i fjorden likevel i morgo. Karane takka, stakk nokre skillingar bort i handa hans, og bad so godnatt. Sidan bar det oppover Kleivane mot Fossedalen.
Då me nådde
høgda der løypestrengen var, tok me oss ein liten pause, for Kleivane var
bratte og tunge
so det gjorde godt å få seg ei lita kvild.
Dertil hadde me mykje drops og
manna med, og den slags terping gjorde kvila enno søtare. Nedanfor oss hadde me eit storfagert utsyn over fjorden og innover til Kleps dessmeir, og bortover til Dale.
Dale syntest mest som eit fagert eventyrland med alle sine elektriske lys som blinka i skumme sommarkvelden.
"Dale syntest mest som eit fagert eventyrland med alle sine elektriske lys..." |
Då me var komne opp til Fossedalsbrua
vart det atter
ei lita kvild. Me naut synet av den
vesle elva som laga ein
liten skummande foss nett under
brua. Han Kristian drog munnspelet fram og ropa ut: «No
må de taka dykk ein svingom.» Jau, ein svingom vart det, og det var so morosamt å ha det å seie
at me hadde dansa på Fossedalsbrua. Då
me hadde teke oss ein tre-fire slåttar, meinte han Asbjørn det fekk
vere nok no,
og dermed bar det oppover til nedre Fossedalen.
Fossedalshusa låg oppe i ein bakke. Rundt om stengde fjella.
Dei såg so mandige og briskne ut no i nattedimma. Særleg når vinden ruska i
bjørk og furutre som skymde i himmelsynet. Frå husa
og nedover halla bøen seg fint og jamt. Lengst nede i botn vika elva seg ut til ein fin, liten
innsjø. Mange av oss var trøtte og svevnuge og meinte me
skulle natte over
i nedre Fossedalen. Nokre ville absolutt ta turen i øvre
Fossedalen og natte der.
Han Peder og han Erling var stad og såg etter om det var høy i løa. Jau, det var ikkje det som mangla. Det vart so ein strid og eit kiv kva me skulle gjere. Kristian og han Sigurd meinte det at han Johan var ein streng fyr, so dei ville ikkje risikere å leggje
seg i løa utan lov. Han Ingolv og han Asbjørn ville at me skulle
gå i øvre Fossedalen, for her var me ikkje det minste kjende. Ja, det gjer me kviskra han Kristian. Han Sigurd reiste seg av stokken og rusla i veg
oppover endå dei var både
svevnuge og trøytte. I veg bar det med heile flokken.
Komne opp til vatnet, vart me mest klumsa av det storslegne synet me hadde framføre oss. Vatnet låg so kyrrande stilt.
Det låg mest som eit stort, stirande auge som såg
mot oss no i nattedimma. Opp frå vatnet i aust stod grøne bjørkelier som lengst oppe var
avløyst av det veldige Kringlefjellet. På vestre kanten var det lågt myrland. Lengst ute kunne me timje dei nakne
fjellviddene. I nordre kanten skimta ein Øvre Fossedalen. Gardane ligg i eit fint bakkehall som skrånar opp frå vatnet. Me vart så tekne av det vene synet og den
friske fjellufta som strøymde mot oss so all trøyttleik var som blesen bort.
"Vatnet låg so kyrrande stilt". |
Han Erling og han Sigvald vart
sende bort i vika for å finne båt
til oss. Det varde før dei kom att. Best det var, høyrde me skrål og svall. Han Sigvald kom
hæsande og blåsande. Han Erling gjekk på ryggen i vatnet.
Han fann ein liten pram, og den
var so vidt den
kunne bere ein mann. Båten var lagd for ile. Mens han Erling
fekk han so langt at han skulle ta den inn i båten, der rauk toget, og han Erling på ryggen i vatnet. Han var heilt gjennomvåt då han kom på land-
so det rann av han. Men
då kan hende at låtten kom på glid. Me lo so det ljoma etter. Han Erling var ikkje
den som gav seg.
Han fekk båten på rett kjøl og rodde innover vatnet. Han ropa til oss at no får de halde fylgje med meg. Me tok av oss sko og sokkar og vadde over elva, og i veg bar det oppover. Han som i båten var, heldt gong
på gong på å renne seg i koll, so
han fann ut at det var best han kom
i land til oss.
Den gamle båtstøa stod til høgre i biletet "I nordre kanten skimta ein Øvre Fosssedalen" |
I Øvre
Fossedalen vart me møtte av nokre biske hundar som gøydde
so det halve kunne vere nok.
Men enden på leiken vart den at ei dør gjekk opp og ein skikkelse i kvite underkle lempa den verste av bikkjene inn. Den andre bikkja
tok vegen bort
på ein haug der han tuta det meste
av natta. Me sette oss
ned på nokre stokkar som
låg borte med løa, drog på oss sokkane og heldt
matykt og prata. Han Kristian spelte
på munnspel, men lågt
og dempa let det, for han torde visst ikkje dra so sterkt i, for det var liksom det skar so
av i den kyrre natta.
Det var ikkje
mykje høy i løa, om lag eit par bører høy. Endå
mindre var det i løa hjå
han Elias. Det var då svarten at dei
ikkje kunne ha greve so mykje høy til husar at det kunne vere råd å få leggje
seg ned og få ein liten blund for ein sliten ferdamann, mulla han Erling. Han såg so trøtt
og våt ut etter siste lauget so det var synd i stakkaren at han
ikkje skulle få ein god nattesvevn.
"I Øvre Fossedalen vart me møtte av nokre biske hundar som gøydde so det halve kunne vere nok" Øvre Fossedal nede t.h. |
Han Asbjørn vart vis med
nokre utløer nede ved vatnet. Der må det visst vere mykje høy, sa han, og sprang ned og skulle sjå etter. Men diverre,
dei stod tomme. I farten
såg han ikkje etter kvar han steig, og difor steig han med full fart ned i ei grøft som rann frå mottingen. Jau, no
fekk du på den kvite broki di som du snobbar deg i, sa han Peder. Eg er glad
for at eg tok brokabyte med
meg, meinte han Ingolv,
om eg på ein eller annan måte kom til å sulke den kvite. Han Asbjørn læst ikkje
i, berre gjekk bort i ein bekk og vaska broka, so no skulle ho nok verte kvit att til
morgondagen kom.
Det lei langt på natt, so me laut freiste
på å kome oss til ro.
Delte høyet broderleg mellom oss. Det vil seie, etter mykje kjas og strid. Ein ting var me alle redde for, og det var
om det skulle firmast orm her i høyet, eller troll som han Peder og han Sigvald sa. Søvnen var det ikkje så aller
verst med, berre det at ender og
gong vart me vekte
av gnissing og lått. Han Kristian var no den verst i so måte. Men til slutt la
han Jon Blund si tunge hand på han, so sov han blideleg inn, og glad vart eg.
Øvre Fossedal |
Men freden varde ikkje lenge. Eg høyrde gjennom
svevnen at han Sigurd og han Peder sette i:
«Han Kristian ser ut som han skulle vore
framlagd. Eg reiste meg for å sjå
underet. Verkeleg måtte
eg le med. Han låg med halvt open munn og med ei kvass nase som peikte beint opp i mønet.
Då me vakna sundags morgonen, var himmelen noko overskya. Kring fjelltoppane låg det tunge skyflak
som ikkje spådde noko synderleg godt. Fossedalsfolka var sværande imøtekommande, gilde og
hugnadssame. Ja, endåtil den biske hunden heldt dlei vekke frå oss so godt dei kunne, og det var
jammensant ein god ting,
for han var verkeleg mannevond. Me vart
bedde inn i stova. Der stod bordet duka med mykje god mat, akkurat som det
var tenkt til eit brudlaupslag. Me vart spurde om me ikkje
ville forsmå ein kopp kaffi
og gjere so vel å setje oss bort til bordet. Me takka og sa at det var ikkje
meining i å gjere slik
kostnad om me som kom rekande.
Son i huset sa at me måtte ta oss ein tur til Krokavatnet. Han skulle vere
med å ro
oss bort på Leknesstølen. «Forslaget er støttet,» ropte me alle i kor. Men det var ein
som ikkje støtta forslaget, og
det var veret, for det slo til med ein gong
å pøsregne. Ja, ja, me får korta tida so godt me kan, svara han
Ananias, og drog opp ein gramofon
som rikta verre enn ell noko kjerring. Me hykla so godt me kunne at det var noko til grepa grammofon han
hadde og kor han hadde fått tak i han frå. Jau, han var so svinheldig å få tak på
han gjennom ei lysing
i Landbruksbladet.
"Son i huset sa at me måtte ta oss ein tur til Krokavatnet" Øvre Fossedal med Krokavatnet t.h. |
Etter
konserten bar det bort på låven. Han Kristian og han
Sigurd og han Sigvald spela kvar si stund på
munnspel. Me andre terpa på med
dansen. Det var ikkje
fritt for at det samla seg skodarar, og best det var vart me vise
med at alle ungane hans Elias hadde klatra oppetter løbordtaket og
keik inn kvar sitt navarhol.
Regnet såg ikkje ut
til det skulle lette,
så Krokavassturen slo me heilt frå oss. Fossedalsfolka ville me skulle roe
oss til morgondagen, men me totte me kunne ikkje gjere so for skam skuld. Det
bar til bords til mat og drikke på nytt lag. Etterpå tok
me vel- leva, og rusla vegen utover til Dalsstølen. Veret var no opplett so det var godt
å gå. Komne ut med vatnet eit stykke vart han Erling vis om at han hadde lagt underbroka si frå seg
på låvebrua i Fossdalsløa. Han hadde hengt
henne der til tørking etter
lauget som han fekk.
På Dalsstølen vart me godt mottekne
av stølsjentene. Han Kristian og han
Sigurd og han Sigvald ville skylgje seg i sjøen. Skilde lag frå oss, og tok inn til ei ungsnøkje som røykte sigarettar
verre enn eit kvart ilt. Men dei var ikkje heldige med fangsten, for best det var rømde
tytta frå dei. Dei kom so opp
der me var og bad om å få kjøpe
rjomask. Og jau misann terpa dei rjomen så det var ei lyst å sjå.
Dalsstølen |
Då me var komne so langt som midt for Atlevatnet, vart me vis med nokre kvindemenneske på den motsette sida. Me kvapp til, for me tykte dei tedde seg so underleg, men det var berre
skodda som gav dei huldreutsjånad. Me vinka og hauka til dei, men
dei lest ikkje bry seg.
Atlevatnet |
På
Vagstadstølen fekk me ei hugnadsam stund på nytt lag. Særleg vart me godt mottekne i selet hjå henne Dorte. Ho Laura bad og inn på rjomaske, men det var berre
til dei som klarte å verte fyrstemann i selet hennar. Rjomekolla smakte godt
endå ho hadde vore kokt på ein gloande omn, og ikkje fullt eit døgn gammal. Det
leid alt langt på kveld då me kom til bygda.
Rivedal fram under jul |
Å terpe - å nyte smått og jamt.
Hanna Fristad - lærarinna. Ho var tremeining til Eikeneskarane. Var
lærar i Bergen.
Asbjørn Eikenes
Ingolv Eikenes
Erling Eikenes
Sigurd Eikenes - alle
Eikeneskarane var brør.
Peder Fossedal og Sigvald Fossedal-
brør. (Peder Fossedal hadde garden
der Sverre Rivedal bur i dag. Foreldra hadde hatt gard i Øvre Fossedalen.).
Kristian Vagstad-frå
Rivedal, Vagstad.
Merk 1. Dokumentet er redigert av underteikna då det mangla avsnitt. Bilda er mine eigne.
Merk 2. I skildringa er det nemnt Leknestølen i samband med Krokavatnet. Det er nok ei geografisk mistyding. Det rette skal vere Krokvasstølen (i dag Svortevikstølen).