Eitrenipa og Leknesvatna |
Eitrenipa |
Dagens selfie |
Øvre Fossedal |
Frå vestsida av Fossedalsvatnet |
I dag gjekk eg den flotte turen frå Skorva, langs Leknesvatna og på Eitrenipa, nedatt Eitreskaret til Botnatjerna og Øvre Fossedalen. Deretter vestsida av vatnet til vassenden og gjennom Fossedalen til Dale. Heilt fantastisk. Bilda fortel vel ganske greitt historia mi i dag. Og så mykje tekst er vel ikkje nødvendig å legge ut.
Eitrenipa Fossedalen Dale
30/4-16
30/4-16
Eg hadde ein liten plan å gå over Nordre og Søndre Kringla òg. Men for det første var det relativt tungt å kome seg opp på Eitrenipa då det låg ein del ny snø opp skåra. For det andre drog eit skylag over for sola, og ein sur austatrekk gjorde det skikkeleg kaldt der oppe. Skåra ned att frå Søndre Kringla mot Øvre Fossedalen såg heller ikkje heilt god ut. Unnasols som området her ligg. Og det heilt sikkert var knallhard skare her. Så Kringlene gav eg meg på. Får ta dei neste gong.
Vassenden av Fossedalsvatnet med f.v. Eitrenipa Nordre og Søndre Kringla (Eitrenipa er forøvrig høgst) |
Eg hadde delvis kontakt med broderen som gjekk opp frå Dalsfjordsida ved Otterstein. Men mobildekninga rundt Øvre Fossedalen er elendig. Så det enda opp med at vi gjekk kvar vår side av Fossedalsvatnet, og traff kvarandre ved Vassenden. I lag gjekk vi så til Otterstein.
Broderen Ronja og Sion ved Fossedalsvatnet |
Nyt utsikta med ein kopp kaffi |
Utsikt frå nyestien frå Otterstein til Fossevika |
Asbjørn byr opp til dans |
Ungane hadde si framsyning (ganlehunset mitt "Skaarhuset" bak) |
...og Seniordansen |