Elles måtte det til mykje gode klede i dag. Både ekstra både på hovudet og overkroppen i den sterke vinden. Men etter å ha fått bytt gjekk det egentleg greitt. Luftig tur får eg seie....
tirsdag 29. desember 2015
Heftig vind og is.....
Elles måtte det til mykje gode klede i dag. Både ekstra både på hovudet og overkroppen i den sterke vinden. Men etter å ha fått bytt gjekk det egentleg greitt. Luftig tur får eg seie....
mandag 28. desember 2015
På veg til jobb...
Første stopp i Løvika |
Andre stopp på Nordheia (Blegja i bakgrunnen) |
Framme ved Sparebanken Sogn og Fjordane |
Banken og bruene |
Eg bråsnudde på tunet heime i Stongfjorden i dag tidleg då eg såg himmelen i aust. Her var det berre å plukke med seg fotoapparatet. Eg hadde jo allverda med tid på meg til å kome på jobb klokka 10. Så då vart det nokre stopp undervegs for å knipse bilder av den flotte morgonen. Ovanfor ser de nokre frå pendleturen til Førde i dag tidleg...
Framleis God Jul!
lørdag 26. desember 2015
Boxing Day
Etter ei lita snøbyge på morgonen vart himmelen flott raud Her ved Langedalen |
Fekk nyte sola på Moldura i dag |
Askvoll frå Moldura |
Sol ved Fauskevik |
Nydeleg, men kald tur på Moldura og vidare til Størdalsstauren i dag tidleg. Eg gjekk opp den vanlege ruta frå nordsida på Neset i Stongfjorden. det er unnasols her på denne tid av året, så sola fekk eg akkurat då eg kom opp på toppen. I tillegg ein kald trekk som gjekk gjennom marg og bein. Første bod var difor å skifte alle kleda på overkroppen og få på eg noko varmt og tørt. Deretter gjekk som sagt turen ut på Størdalsstauren der eg igjen nådde att sola. Som kanskje bilda viser fekk eg meg ein fin juletur med fin opplading til fotball frå England etterpå...
Foto
Moldura Størdalsstauren 261215
torsdag 24. desember 2015
God jul
Soloppgang ved Skålefjellet Sankta Luzia-dagen
Foto frå oppstigninga til Toreheia frå aust
Med dette ynskjer eg alle ei God Jul.
lørdag 19. desember 2015
Friskt til Holevika
Holevik ved Stavenes |
Ingen fjelltur i dag, men ein raskgangemusikkjoggetur til Holevika. God mosjon i det. Vind og regn følgde meg stort sett heile turen.
Dagens beholdning av fugl var 4 ringduer, 2 gråhegrar, 2 havørner, eit par granmeis, 1 gråtrast, 1 toppskarv og 1 strandpiplerke + 5 sauer. Takk til mi fru som henta meg i Holevika.
søndag 13. desember 2015
The awakening of the sun (Or Sankta Lucia)
Sola lyser under horisonten bak Vardenova |
På veg opp på Ytrevågefjellet (blitz) |
Soloppgang ved Skålefjellet |
Nydeleg tur frå Vågane (Osland) over Ytrevågefjellet, Toreheia og Yndestadhøgeheia og heim i dag tidleg. Fantastisk å sjå den flotte soloppgangen frå fjellet her oppe medan alt var mørkt nede i bygda (sjå bilder)...
Det låg ein del snø oppe i høgda. Turen opp på Ytrevågefjellet vart difor relativt tung. Men kva gjer vel det når eg kan stoppe å ta nokre bilder av lyset av dag og den stigande sola bak horisonten....
Toreheia |
Elles var heimkoma eit kapittel for seg. Luciabrurene (Ellen, Tora og Tiril) kom meg springande i møte med lusebollar. Kjekkare slutt på ein tur skal ein jammen leite lenge etter. Utruleg kor det passa med tidspunktet. Heilt av seg sjølv. Ja, kanskje er det meir mellom himmel og jord enn vi anar...!?
Lusebollar på tunet heime av Luciabrudene |
lørdag 12. desember 2015
Whiteout på Fanafjellet
Skålefjellet i snøvèr i dag |
Ei vindblesa lerk |
Deretter gjekk eg fram og tilbake gjennom liene ned under fjellet. Rikeleg med hjort å sjå. Eit "monster" av ein kronhjort dukka opp nede i Gjerdeåsen. Det trur eg må vere den største hjorten eg har sett. Ja han var rett og slett tung i bevegelsane....! Men for rask til at eg fekk fram apparatet... Villsau derimot såg eg ikkje. Kvar dei er må fuglane vite. Men eg får ta meg ein ny tur i morgon. Då er iallefall vèrmeldingane betre. Det vart vått nok til slutt i dag....
Vest om Ospehaugen. Grått i havet. |
torsdag 10. desember 2015
Nye filmar
Har laga nokre nye bildefilmar i det siste brukt på ei nyoppretta Facebook-side eg har laga. Nærast som ein advent gimmick med ein ny film kvar dag no i desember. Bilda er av ny og eldre dato. Og dei som førebels er publiserte ligg det link til i høgremenyen her på bloggen.
mandag 7. desember 2015
A walk in the dark
Gåturen med hovudlykt frå Yndestad i går kveld hadde endestasjon ved krysset til Olaf Saltskår.... |
Det vart ingen fjelltur på meg i går. Av fleire grunnar.Vèret var mildt sagt ustabilt med vesta-kuling og solide regn- og haglbyger. I staden valde eg forskjellige andre sysler heime. Men i kveldinga, etter at det vart mørkt, tok eg meg ein lengre gåtur til Staveneset med hovudlykt. I skikkeleg motavind og ruskevèr heile vegen. Og frå Underset og utover reiv vinden godt i kroppen. Heldigvis tok eg med meg slalombrillene. Og med hovudlykt, øyretelefonar og slalombriller under ei god hette, hadde eg det som plomma i egget. Men sikkert like greitt at ingen såg habitten...:-)
Frå Underset og til Staveneset var det ikkje eit einaste lys. Utanom ute på Atløyna og på hi sida av fjorden. Og då eg i stummande mørke passerte dei gamle helleristingane og gravrøysene, undra eg litt på kva forfedrane våre gjorde på ein slik kveld. Utan lys, telefon og internett. Var det stusseleg kanskje? Men etter at Olaug og Peter kom og henta meg i bilen, og eg fortalde om tankane mine, meinte Peter at dei brann bål, drakk øl og song! Ja, ja slik kan det òg seiast. Dette var nok ikkje akkurat i mine tankar denne vind- og regnfulle kvelden i stummande mørke...!
Men ein god trimtur kan ein godt ha utan å gå i fjellet. Og kanskje kan ein oppdaga andre slags tankar i seg sjølv òg då ein slik kveld...:-)
lørdag 5. desember 2015
Heftig på Skålefjellet
torsdag 3. desember 2015
Portafjellet 2015
Ein serie bilder frå Portafjellet.
Godt synleg frå Stongfjorden.
Eg hadde faktisk ikkje laga samleserie her i frå før...
onsdag 2. desember 2015
Winter on Middagsnipa
Eg sette i hop ein ny film med vinterbilder frå Middagsnipa i Stongfjorden/Kvammen.
Den gamle var altfor lang. Så ovanfor er den nye med ny musikk.
tirsdag 1. desember 2015
Kroken på døra for Vestavind?
Ikkje heit dimmen til Vestavind då... |
I dag vart det kjendt at vindkraftselskapet Vestavind A/S har fått avslag på søknaden om å byggje Bramangerlandet vindkraftverk. Dette føyer seg inn i rekkja av andre avslag, utsetjingar og trekte søknader.
Vestavind hadde i alt 7 prosjekt:
Okla – Konsesjon – ca. 9 turbinar
Bremanger – Avslag – ca. 26 turbinar
Hennøy – Konsesjon – ca. 11 turbinar
Lutelandet – Konsesjon – ca. 13 turbinar
Ytre Sula – Søknad trekt – ca. 39 turbinar
Haram – Konsesjon – ca. 16 turbinar
Folkestad – Søknad trekt – ca. 20 turbinar
I alt planar om ca. 134 turbinar + ca. 6
testturbinar til havs ved Okla og Lutelandet.
Også Lutelandet Energipark er 100 %
eigd av Vestavind Kraft AS.
Vestavind Kraft eig 46,17 % i Haram
Kraft AS, og 32,5 % av Sula Kraft AS.
Lutelandet og Haram har fått utsetjing
til 2020.
Med dagens kraftprisar og prognosar for framtida er det vel tvilsamt om det kjem opp ein einaste ny vindturbin i det heile teke...
Med dagens kraftprisar og prognosar for framtida er det vel tvilsamt om det kjem opp ein einaste ny vindturbin i det heile teke...
Abonner på:
Innlegg (Atom)