Elles måtte det til mykje gode klede i dag. Både ekstra både på hovudet og overkroppen i den sterke vinden. Men etter å ha fått bytt gjekk det egentleg greitt. Luftig tur får eg seie....
tirsdag 29. desember 2015
Heftig vind og is.....
Elles måtte det til mykje gode klede i dag. Både ekstra både på hovudet og overkroppen i den sterke vinden. Men etter å ha fått bytt gjekk det egentleg greitt. Luftig tur får eg seie....
mandag 28. desember 2015
På veg til jobb...
Første stopp i Løvika |
Andre stopp på Nordheia (Blegja i bakgrunnen) |
Framme ved Sparebanken Sogn og Fjordane |
Banken og bruene |
Eg bråsnudde på tunet heime i Stongfjorden i dag tidleg då eg såg himmelen i aust. Her var det berre å plukke med seg fotoapparatet. Eg hadde jo allverda med tid på meg til å kome på jobb klokka 10. Så då vart det nokre stopp undervegs for å knipse bilder av den flotte morgonen. Ovanfor ser de nokre frå pendleturen til Førde i dag tidleg...
Framleis God Jul!
lørdag 26. desember 2015
Boxing Day
Etter ei lita snøbyge på morgonen vart himmelen flott raud Her ved Langedalen |
Fekk nyte sola på Moldura i dag |
Askvoll frå Moldura |
Sol ved Fauskevik |
Nydeleg, men kald tur på Moldura og vidare til Størdalsstauren i dag tidleg. Eg gjekk opp den vanlege ruta frå nordsida på Neset i Stongfjorden. det er unnasols her på denne tid av året, så sola fekk eg akkurat då eg kom opp på toppen. I tillegg ein kald trekk som gjekk gjennom marg og bein. Første bod var difor å skifte alle kleda på overkroppen og få på eg noko varmt og tørt. Deretter gjekk som sagt turen ut på Størdalsstauren der eg igjen nådde att sola. Som kanskje bilda viser fekk eg meg ein fin juletur med fin opplading til fotball frå England etterpå...
Foto
Moldura Størdalsstauren 261215
torsdag 24. desember 2015
God jul
Soloppgang ved Skålefjellet Sankta Luzia-dagen
Foto frå oppstigninga til Toreheia frå aust
Med dette ynskjer eg alle ei God Jul.
lørdag 19. desember 2015
Friskt til Holevika
Holevik ved Stavenes |
Ingen fjelltur i dag, men ein raskgangemusikkjoggetur til Holevika. God mosjon i det. Vind og regn følgde meg stort sett heile turen.
Dagens beholdning av fugl var 4 ringduer, 2 gråhegrar, 2 havørner, eit par granmeis, 1 gråtrast, 1 toppskarv og 1 strandpiplerke + 5 sauer. Takk til mi fru som henta meg i Holevika.
søndag 13. desember 2015
The awakening of the sun (Or Sankta Lucia)
Sola lyser under horisonten bak Vardenova |
På veg opp på Ytrevågefjellet (blitz) |
Soloppgang ved Skålefjellet |
Nydeleg tur frå Vågane (Osland) over Ytrevågefjellet, Toreheia og Yndestadhøgeheia og heim i dag tidleg. Fantastisk å sjå den flotte soloppgangen frå fjellet her oppe medan alt var mørkt nede i bygda (sjå bilder)...
Det låg ein del snø oppe i høgda. Turen opp på Ytrevågefjellet vart difor relativt tung. Men kva gjer vel det når eg kan stoppe å ta nokre bilder av lyset av dag og den stigande sola bak horisonten....
Toreheia |
Elles var heimkoma eit kapittel for seg. Luciabrurene (Ellen, Tora og Tiril) kom meg springande i møte med lusebollar. Kjekkare slutt på ein tur skal ein jammen leite lenge etter. Utruleg kor det passa med tidspunktet. Heilt av seg sjølv. Ja, kanskje er det meir mellom himmel og jord enn vi anar...!?
Lusebollar på tunet heime av Luciabrudene |
lørdag 12. desember 2015
Whiteout på Fanafjellet
Skålefjellet i snøvèr i dag |
Ei vindblesa lerk |
Deretter gjekk eg fram og tilbake gjennom liene ned under fjellet. Rikeleg med hjort å sjå. Eit "monster" av ein kronhjort dukka opp nede i Gjerdeåsen. Det trur eg må vere den største hjorten eg har sett. Ja han var rett og slett tung i bevegelsane....! Men for rask til at eg fekk fram apparatet... Villsau derimot såg eg ikkje. Kvar dei er må fuglane vite. Men eg får ta meg ein ny tur i morgon. Då er iallefall vèrmeldingane betre. Det vart vått nok til slutt i dag....
Vest om Ospehaugen. Grått i havet. |
torsdag 10. desember 2015
Nye filmar
Har laga nokre nye bildefilmar i det siste brukt på ei nyoppretta Facebook-side eg har laga. Nærast som ein advent gimmick med ein ny film kvar dag no i desember. Bilda er av ny og eldre dato. Og dei som førebels er publiserte ligg det link til i høgremenyen her på bloggen.
mandag 7. desember 2015
A walk in the dark
Gåturen med hovudlykt frå Yndestad i går kveld hadde endestasjon ved krysset til Olaf Saltskår.... |
Det vart ingen fjelltur på meg i går. Av fleire grunnar.Vèret var mildt sagt ustabilt med vesta-kuling og solide regn- og haglbyger. I staden valde eg forskjellige andre sysler heime. Men i kveldinga, etter at det vart mørkt, tok eg meg ein lengre gåtur til Staveneset med hovudlykt. I skikkeleg motavind og ruskevèr heile vegen. Og frå Underset og utover reiv vinden godt i kroppen. Heldigvis tok eg med meg slalombrillene. Og med hovudlykt, øyretelefonar og slalombriller under ei god hette, hadde eg det som plomma i egget. Men sikkert like greitt at ingen såg habitten...:-)
Frå Underset og til Staveneset var det ikkje eit einaste lys. Utanom ute på Atløyna og på hi sida av fjorden. Og då eg i stummande mørke passerte dei gamle helleristingane og gravrøysene, undra eg litt på kva forfedrane våre gjorde på ein slik kveld. Utan lys, telefon og internett. Var det stusseleg kanskje? Men etter at Olaug og Peter kom og henta meg i bilen, og eg fortalde om tankane mine, meinte Peter at dei brann bål, drakk øl og song! Ja, ja slik kan det òg seiast. Dette var nok ikkje akkurat i mine tankar denne vind- og regnfulle kvelden i stummande mørke...!
Men ein god trimtur kan ein godt ha utan å gå i fjellet. Og kanskje kan ein oppdaga andre slags tankar i seg sjølv òg då ein slik kveld...:-)
lørdag 5. desember 2015
Heftig på Skålefjellet
torsdag 3. desember 2015
Portafjellet 2015
Ein serie bilder frå Portafjellet.
Godt synleg frå Stongfjorden.
Eg hadde faktisk ikkje laga samleserie her i frå før...
onsdag 2. desember 2015
Winter on Middagsnipa
Eg sette i hop ein ny film med vinterbilder frå Middagsnipa i Stongfjorden/Kvammen.
Den gamle var altfor lang. Så ovanfor er den nye med ny musikk.
tirsdag 1. desember 2015
Kroken på døra for Vestavind?
Ikkje heit dimmen til Vestavind då... |
I dag vart det kjendt at vindkraftselskapet Vestavind A/S har fått avslag på søknaden om å byggje Bramangerlandet vindkraftverk. Dette føyer seg inn i rekkja av andre avslag, utsetjingar og trekte søknader.
Vestavind hadde i alt 7 prosjekt:
Okla – Konsesjon – ca. 9 turbinar
Bremanger – Avslag – ca. 26 turbinar
Hennøy – Konsesjon – ca. 11 turbinar
Lutelandet – Konsesjon – ca. 13 turbinar
Ytre Sula – Søknad trekt – ca. 39 turbinar
Haram – Konsesjon – ca. 16 turbinar
Folkestad – Søknad trekt – ca. 20 turbinar
I alt planar om ca. 134 turbinar + ca. 6
testturbinar til havs ved Okla og Lutelandet.
Også Lutelandet Energipark er 100 %
eigd av Vestavind Kraft AS.
Vestavind Kraft eig 46,17 % i Haram
Kraft AS, og 32,5 % av Sula Kraft AS.
Lutelandet og Haram har fått utsetjing
til 2020.
Med dagens kraftprisar og prognosar for framtida er det vel tvilsamt om det kjem opp ein einaste ny vindturbin i det heile teke...
Med dagens kraftprisar og prognosar for framtida er det vel tvilsamt om det kjem opp ein einaste ny vindturbin i det heile teke...
søndag 29. november 2015
Spasertur/lett jogg
I dag tok eg meg rett og slett ein spasertur/lett jogg til Staveneset. Det var i grunn alt slags vèr. Eit par solide regn- og haglbyger vart avløyst av opplett. Vinden var rimeleg kald i kantane.
Dagens beholdning av fugl: ein sverm med sisik, truleg både grå og grøn då eg såg dei berre mot himmelen i ei gamal or med mykje frø, trast i alle slags variantar (grå, svart, raudvengje både årets og vaksne fuglar), gjerdesmett, heipiplerke, grønfinkar, bjørkefinkar, ei nøtteskrike, skjor, kråke, fiskemåse... Iallefall desse. Ja, så om ikkje dette var nok var det fine fargar å sjå og. Ja til og med ei blomst. Så det er iallefall meir å sjå langs vegen utover mot kysten enn oppe på fjellet. Null liv der i går. Avblesne hamrar, goldt og kaldt.
Kjekk tur i nærområdet!
lørdag 28. november 2015
Heftig!
Gløtt av sol over Mangevatna |
Sol over Fanafjellet og Moldura |
Det vart ein heftig tur på Toreheia i dag. Via Krikavatnet og ned igjen over Yndestadhøgeheia og Selda.
Ganske så fint ver oppover i grunn. Men det bles. Kaldt! Ovanfor Krikavatnet vart det ganske tøft i den sterke vinden. Rennefòket jòg rundt øyra, og eg pakka meg inn så godt eg kunne. Men det vart ikkje noko styr på det før eg fekk skifta til varme og gode klede bak varden på toppen.
Forblåst på Toreheia i dag |
No fekk eg heile greia i fjeset ned igjen. Hagla slo gjennom kleda og i andletet så det svei. Slik heldt det i grunn på meir eller mindre til eg kom meg ned under fjellet igjen....
Det vart ein frisk tur med andre ord.... Eg fekk iallefall lufta meg litt...:-)
Solheimsstølen Sol ut Eidsfjorden |
torsdag 26. november 2015
Stavenesodden 2015
Nokre nye og nokre gamle bilder frå Furefjellet, Høgeheia og Stavenesodden elles....
tirsdag 24. november 2015
Steinring
søndag 22. november 2015
Bingo!
Morgonstemning mot Florøkanten Storebatalden t.h. |
I dag tok eg opp frå Neset i halv 9 tida for å sjå etter dei fire kjendisane til Ole Andrè frå Holmedal. For de som har følgt bloggen, så har de sikkert sett at eg har vore i nærkontakt med dei før. Både ein og to gonger.
Eg følgde såleis den vanlege ruta til Moldura frå nord. På Moldura var det full vinter for å seie det slik. Etter mange kuldegrader på morgonen og i går, var alt frose til. Det hadde absolutt sin fordel oppover første delen då her er ganske myrlendt ein del parti. I dag var det frose godt til, og mykje lettare å gå. På det øverste partiet mot toppen låg det både ny og gamal snø. For det meste knallhard. Så her var broddane veldig gode å ta på.
Iskaldt på Moldura i dag tidleg. Ikkje mykje varme i sola no... Dokka t.h. |
Frå Moldura ser ein eit nytt landskapselement på Lutelandet |
No var eg litt i tvil om å gå innover Fanafjellet og Skålefjellet/Gjerdedalen. Eller halde fram til Størdalsstauren. Men etter at eg sende ein SMS til Håvard om han og gjengen var på hjortejakt der inne/nede, og fekk ei stadfesting på det, valde eg heller å sjå etter sauene ut over mot Størdalsstauren. Det var eit håp at dei kunne ha gått utover på den sida òg. I tillegg var det sjølvsagt unødvendig å forstyrre gutane i jakta....
Men før eg kom så langt dukka det opp eit levande vesen nede i bakkane. Så tidleg på morgonen, og i frå den retningen, kunne det umogeleg vere andre enn Ansgar Bjarne på Neset. Eg såg han hadde fyrt i omnen då eg parkerte. Eg venta difor der eg stod. Og det stemde sjølvsagt med personen. Alltid kjekt å treffe Ansgar Bjarne på Moldura. Han har gått mange gonger opp hit i år.... Vi vart ståande å preike ei stund i bakken der før kulden begynte å rive i kroppen. Vi gjekk så i kvar vår retning.
På lett ein fot... Størdalen ned t.v. |
Ansgar Bjarne Høvik Molduras store sønn.... |
Sola var no begynt å kome ute på Størdalsstauren. Eg heldt kanten av fjellet (Løbakkane) for å kike ned i Størdalen. Her går det ei rås utover. Eg kom så rett over ein liten kolle, og 2 meter framfor meg sprang det opp ein kvit dott. Nei, skulle du ha sett. Eg gjekk rett på sauene! Fantastisk! No var gode råd dyre... Så eg ringde til Ole Andrè for å rådføre meg litt.
Close encounter of the sheep kind..... |
Sauene sprang i retning Størdalsstauren (utover frå bildet ovanfor). Første tanken min var å få dei ned til fjorden denne vegen. Men etter å ha kome utover eit stykke snudde dei tvert om og rennde hin vegen opp att. Eg etter for å stoppe dei. Og då eg makta det, og dei så gjekk utatt, var idèen min framleis den same. Men nok ein gong tok dei oppatt. Då gav eg meg på dette, og følgde etter opp og austover igjen for å sjå kvar dei no ville ta vegen. Om Fagredalen eller vest om Moldura? Her oppe låg det beinhard snø... Eg var no så innbitt på å ikkje sleppe dei at her skulle vi sjå kven som tòlte mest....
I toppen av Størdalen, i Skaret (sjå bildet ned under) kan ein som nemnt ovanfor, gå både nord og vest om Moldura. I tillegg ned Størdalen. Vi var no komne til eit punkt i dei bratte hammarslaga ned mot dalen som var litt spanande. Her fekk eg føre meg å få dei ned sjølve Størdalen. DÅ var dei sperra av med fjella på kvar side. Og var dei først komne ned hit hadde eg god kontroll på at dei ikkje fòr oppatt på fjellet. Etter mykje slit fram og tilbake etter kva retning dei tok, fekk eg dei endeleg ned ei rås mot dalen. Litt lenger nede måtte dei krysse den islagde elva for å kome seg vidare ned. Her sette dei seg på bakbeina att. Naturleg nok. Dei rennde seg difor fast framme på eit stup slik at eg ikkje kunne følgje på. Då hadde dei gått seg utfor... Kva no?
Sauene sette seg fast på eit utspring på hammaren rett fram for dei. Dei måtte over den islagde elva t.v. for å kome ned dalen. |
Eg ringde igjen Ole Andrè og fortalde om stoda. Då han no visste kvar eg var med dei, ville han og ein annan kome til unnsetning. Eg vart difor sitjande her oppe ovanfor hammaren med sauene frampå stupet. På ein grastust under fjellet hadde eg det ganske greitt. Heldigvis hadde eg med meg noko mat og drikke. Og lada batteria til fin utsikt mot Mjåset og Stavenesodden.
No tok det av naturlege grunnr si tid før det kom folk. Men å gje meg var ikkje noko alternativ. Så ser eg at eine lammet stikk nasen fram frå skåra på hammaren og beitar gras. Så kjem sauen. Eg prøver å avskjere dei ut att på den smale skåra på hammaren, men dei piler ut igjen. Dette gjentek seg fleire gonger. Men rett etter at eg ser ein person heilt nede i botnen av dalen i vest, stikk både sauen og to lam hovudet fram og beitar eit lite stykke til mot elva. Og no var eg så rask for dei at dei ikkje nådde ut igjen på hammaren, men var pent nøydde til å gå over elva. Opp kom dei jo seg ikkje, for der stod eg. Det tvilte fælt på å gå over den islagde elva....
Her sat eg. Sauene ned under på sin hammar. Utsikta var no bra. Til Stavenesodden der vi sanka i går... |
Då eg omsider hadde fått dei ned på flata i dalen, og det lettaste stykket mot fjorden stod att, var eine personen frå Holmedal på plass. No skulle dette gå fint. Sauene ville likevel framleis oppatt heile tida, så turen ned dalen gjekk i sikksak. Med springing til kvar side for å få dei på rett kjøl. Heim att ville dei absolutt ikkje. Men litt lenger nede kom så Ole Andrè. Og vi var tre for å få dei ned til Onar Osland. Då gjekk det forsåvidt greitt. Men sauen til Ole Andrè var klart venstrevridd - fåår så vidt eit godt teikn...:-)
Heilt problemfritt var det likevel ikkje å få dei gjennom eit lè i garden her nede. Heller ikkje å få dei inn i fjøset, sjølv om sauene på garden her nede tok vèl imot "flyktningane". Men omsider måtte dei gje tapt, og hamna bak lås og slå! Fantastisk! Endeleg!
Kjendisane bak lås og slå.... (ein har gøymt seg bakom) |
Turen i dag tok meg 6 timar. Med ein times venting inkludert. Så i tillegg til turen i går, har det gått med nokre flotte timar til desse kvite og grå dottane denne helga....:-) I eit aldeles fantastisk vintervèr! Kjekt å gjere noko verdfullt i tillegg til sjølve turane. Eg får satse på eit liv som sauegjetar når eg blir pensjonist.... Søknaden er med dette levert...:-)
Abonner på:
Innlegg (Atom)