...er omlag som følgjer: Vindkraft er grøn, fornybar
og klimavennleg energi for framtida. Kolkraft er den største kjelda til utslepp
av CO2, og ved å erstatte kolkraft med vindkraft, vil klimagassutsleppa gå ned. Vindkraft
skaper arbeidsplassar og verdiar i lokalsamfunnet. Det hastar difor å byggje fleire vindturbinar.
Vindturbinar har negativt miljørekneskap
Vindturbinar har
elendig effektivitet. Statistikkar
utarbeidd av NVE viser at gjennomsnittleg effektivitet i perioden 2011 – 2012
var ca. 31 %. Det tilsvarer ca. 3,7 måneder med full produksjon. I 2012 utgjorde
vindkraft ”svimlande” 1,1 % av samla kraftproduksjon.
I følgje pressemelding
frå forrige regjering vil vindkraftanlegga på Fosen, som det no er gjeve konsesjon til, produsere strøm tilsvarande
årsforbruket til 185.000 husstandar. Siden vindkraft produserer strøm berre i nokre måneder i året, kan
ein lure på kva desse185.000 husstandane skal varme seg på resten av året.
Vindturbinar er som kjent særs arealkrevjande.
Som statistikkane fra NVE viser er det ikkje samsvar mellom den krafta som blir
produsert og den naturen som blir brukt, og i ein del tilfelle, rasert. Vindkraft har heller ingenting å seie for forsyningstryggleiken.
I Danmark er vindturbinar i ferd med å bli
eit stort miljøproblem. 1 MW installert vindturbineffekt fører til 10
tonn glassfiberavfall. Avfall som ikkje kan resirkulerast. Glassfiberavfallet frå vengjene må difor gravast ned eller brennast. På Fosen der det er gjeve konsesjon til 1.300 MW, vil det
i løpet av dei 20 åra ein vindturbin i gjennomsnitt varer verte ca. 13.000 tonn
miljøfiendtleg glassfiberavfall. Dette
tilsvarar ca. 60.000 stk 14 fots plastbåtar.
Kvar vindturbin har ein generator som omdannar energien
i vinden til straum. Supermagnetane i generatoren i dei fleste nye, store vindturbinane
brukar fleire hundre kg neodym pr. installert MW. Neodym blir i all hovudsak foredla i byen
Baotou i indre Mongolia. Produksjonsprosessen
fører til årlege utslepp av millionar av tonn med radioaktivt avfall som forgiftar jordbruksareal og grunnvatn.
Baotou står på Deng Feis kart over industrielle kreftlandsbyar i
Kina.
Boutou i indre Mongolia
Produksjonsprosessen av turbinstoffet neodym fører til årlege utslepp av millionar av tonn med radioaktivt avfall som forgiftar jordbruksareal og grunnvatn i Mongolia.
Berre på Fosen vil det
truleg gå med fleire hundre tusen kg neodym.
Miljøkonsekvensane av neodym vart teke opp i Europaparlamentet allereie i 2011.
I tillegg kjem
energien som går med til å produsere, transportere og montere turbinane, og
energien som blir brukt i anleggsperioden.
Ein dråpe i havet
Norge var nettoeksportør
av kraft kvar einaste månad i 2012, med samla netto eksport på ca. 18 TWh. Det vart produsert i underkant av 150 TWh
kraft, i all hovudsak vasskraft. Til
sammenlikning produserte vindkraft i 2012 ca. 1,6 TWh. Tyskland har vedteke utfasing av kjernekraft,
og når 80 millionar menneske treng straum, er det vel ingen som i sin villaste
fantasi trur at norsk vindkraft kan bidra med noko som monnar.
Sjølv om vi eksporterer
all vasskrafta, hjelper det lite når Europa sitt kraftbehov er 3.500 TWh. Då har ein sendt all kraft ut av landet. Dersom ein skulle finne på å dekke Norge sitt
kraftbehov med vindkraft, måtte ein dekke store deler av landet med vindturbinar.
I følgje avtalen om
grøne sertifikat som er teikna med Sverige, skal Norge bidra med 13,2 TWh innan
2020. I følgje retningsliner utarbeidd
av NVE vil oppgradering av eksisterande vasskraftverk kunne gå inn i ordninga
for el – sertifikat. Regjeringspartiet
Høgre har rekna ut at opprusting og utvidingar av eksisterande vasskraftanlegg
har eit teoretisk potensiale på 15 TWh; meir enn heile fornybarmålet på 13,2
TWh.
Vindkraft erstattar ikkje kolkraft
Tvert i mot så bidreg
den ustabile vindkrafta til auka forbruk av billig europeisk eller amerikansk
kol som balansekraft. Tyskland er storutbyggjar av vindkraft. Likevel aukar kolforbruket sammenlikna med
2011. I Tyskland var etterspurnaden etter kol i 2012 like stor som for 20 år
sidan. Kolkraft kjem altså i
tillegg til vindkraft. Di meir
vindkraft, di meir kolkraft, di meir forbruk.
I 2012 vart det
eksportert gass frå Norge til Europa tilsvarande 10 gonger norsk vasskraftproduksjon. Gass har halvparten så store utslepp som kol. Det virkar difor som direkte latterleg å tru
at norsk vindkraft skal bidra til å redde noko som helst anten det er nasjonalt
eller internasjonalt.
Arbeidsplasser lokalt
Vindturbinane vert
produserte i utlandet og monterte av dei same utlendingane. Som dessutan har
garantiansvaret nokre år. Dei enorme
støttebeløpa som vert innvilga til
vindkraftselskapa: Høg - Jæren fekk kr. 511 millionar for å setje opp 32
vindturbinar; kr. 16 millionar pr. turbin, er i realiteten ei storstila
subsidiering av utanlandske arbeidsplassar.
No skjer subsidieringa gjennom grøne sertifikat som kjem på straumrekninga. I tillegg til at vindkraftutbyggjarane har nokre
store sugerør i statskassen, har dei no fått sugerør i di og mi
lommebok òg. I det daglege er vindturbinane
fjernstyrte, så heller ikkje i driftsfasen er det arbeidsplassar av betydning
for vertskommunane.
Rammevilkår for vindkraftkommunane
Landsforeninga for
norske vindkraftkommunar vart stifta på Smøla i 1999. Dei har i løpet av 15 år i
realiteten ikkje oppnådd nokon ting. På årskonferansen 14. mai 2013 kom
det forslag om å sikre berørte lokalsamfunn andel av grunnrenta frå vindkraftproduksjon, og kompensasjon for lokale
miljøulemper. Dette materialiserte seg i eit dokument 8 – forslag frå
dåverande opposisjon. Representanter
for den regjeringa varsla ei negativ
haldning blant anna fordi vindkraft ikkje er lønnsamt.
Samtidig ber
vindkraftselskapa om betre vilkår, for eksempel i form av auka avskrivningar.
Dette vil truleg redusere
eigendomsskatten ved ei 10 – årig retaksering, og gir altså endå dårlegere
uttelling for lokalsamfunna.
Kven betalar prisen for vindkraftsatsinga?
Vindkraftsatsinga har allereie fått negative
konsekvensar for velferda til hundretusener av innbyggjarar her i landet.
7 kraftselskap på Vestlandet stifta i 2005 selskapet Vestavind Kraft AS, og i 2009 selskapet Vestavind Offshore AS.
Kraftselskapa er eigde av 48 kommunar i Sogn og Fjordane Fylkeskommune,
og betalar årleg ut utbytte som finansierer blant anna eldreomsorga i eigarkommunane.
I perioden 2010, 2011 og 2012 har dei 7
kraftselskapa nedskrive aksjane i Vestavind – selskapa med i alt ca. kr. 220
millionar. Fra 2010 til 2012 er samla
utbytte frå 4 av kraftselskapa bortimot
halverte, og 1 av eigarkommunane har innført eigedomsskatt.
Det er ikkje skattefrådrag for nedskrivningane
sidan dei er omfatta av fritaksmodellen.
Det er difor grunn til å lure på kva
avkastning ein har sett føre seg av vindkrafta når ein kan ta ein så stor
risiko. Og så kan ein spørje seg kvifor
samfunnet skal ha tru på vindkraft når ikkje kraftselskapa trur på det sjølve.
Vindkraftaksjane har jo avgrensa verdi. 2
av eigarane av Vestavind – selskapa har sågar gitt uttrykk for at dei vil ut av
vindkraft. I pressa vart det forøvrig
gitt uttrykk for at det kun var aksjane i Vestavind Offshore som var nedskrivne.
Demokratiske utfordringar / Lokalisering av
anlegg
Det vert gjerne hevda
at vindkraft er ei føremon for kommunane
som får eigedomsskatt. No er det slik at
ikkje alle kommunar har innført eigedomsskatt for verk og bruk. Det burde glede regjeringa at vi har kommunar
som har reservert seg mot denne skatten.
Enkelte
vindkraftutbyggjarar tilbyr kommunane godtgjersle tilsvarande kva eigedomsskatt
ville gitt.
SAE Vind, som er ein
av utbyggjarane på Fosen, har styrevedtak på at dei ikkje vil betale frivillig
kompensasjon til kommunen. Dersom kommunen vil ha pengar frå SAE Vind, må
kommunen innføre eigedomsskatt. SAE Vind
er vindkraftsatsinga til Statkraft og Agder Energi.
Dette er sjølvsagt
uakseptabel oppførsel av eit offentleg eigd selskap. Vi har ei regjering som ikkje ønskjer skatteauke. Styrevedtaket til SAE Vind er difor ikkje i
samsvar med regjeringa sin politikk. For
det tredje så er det i strid med elementære demokratiske prinsipp at
vindkraftutbyggjaren avgjer om næringslivet i vertskommunen skal betale eigedomsskatt.
Det er også slik at skatt har eit føremål.
I det store og heile så er føremålet med dei skattane som blir samla inn
her i landet å skaffe velferd til fellesskapet. Dersom
eiendomsskatt blir innført som følgje av vindkraft blir føremålet det
motsatte. At vindkraftutbyggjaren får bruksretten til store deler av ein kommune
til ein latterleg låg pris.
For lokalsamfunnet
blir vindkraft ein variant av Terra, ein gir frå seg arvesølvet i form av store
naturområde og sit meir eller mindre tomhendte tilbake.
Vindkraftanlegga som
no har fått konsesjon på Fosen vil okkupere eit areal tilsvarande halvparten av
Nordmarka. Ein kan tenkje seg reaksjonane dersom SAE Vind teppebomba
Nordmarka med vindturbinar, ikkje bidreg med ein einaste lokal arbeidsplass,
byggjer monstermaster tvers over byen, for så å ringje ordføraren og meddele at dersom
Oslo vil ha pengar, får Oslo innføre eigedomsskatt. Då tenkjer eg vindturbinane
ikkje var særleg grøne lenger.
Oppsummering
Vindkraft er ei dyr, ineffektiv, ureinande
og konfliktskapande energikjelde som vi ikkje har bruk for i Norge.
Link: