Etter å ha nådd eit greitt mål før ferien på 5x50 på årets fjelltrim, reiser eg på ein 14 dagars tur til Icmeler i Tyrkia på fredag. Godt med varme og sol. Sleppe skodde og regn ein periode. Og ikkje minst opparbeide litt motivasjon til nye tak. I Tyrkia held eg forma nokolunde vedlike ved å jogge strandpromenaden frå Icmeler til Marmaris og tilbake før sola står opp. Dette er ei knapp mil. Temperaturen er då under 30 grader.
I denne perioden vil eventuelle oppdateringar på bloggen bli noko tilfeldig. Mogeleg eg legg inn litt nyhende frå Tyrkia. Vi får sjå. Elles har eg to veker ferie når eg kjem igjen. Kva eg finn på då er vèravhengig. Men eg har kjøpt nytt fjelltelt og liggeunderlag... Og så står ein tur på Falketind på programmet hvis vèret tillet det.
Elles ynskjer eg alle som er innom bloggen min god sommar. Her er rikeleg med stoff, bilder og filmar å sjå på i ledige stunder...:-) Her Turkey smiling faces...