torsdag 29. november 2018

"Ein song for Fossedalen"

Ein song for Fossedalen.

Tusen takk til Kari Eikenes Helle
for tilsendt dokument av
 fjelltur til Fossedalen for 100 år sidan. 
Rivedalskarane sette pris på flott natur - dei òg.


 

Ovanfor nokre foto frå Fossedalens Dag. 

Frå ungdomslagsavisa til Rivedal ungdomslag 1923.



"På fjelltur til Fossedalen"

Me var nokre gutar som hadde skipa oss til å taka oss ein tur inn i Fossedalen ein godverssundag. Me snakka att og fram om me skulle ha kvinnfolk med oss på turen. Nokre meinte at fjelltur utan kvinnfolk med i laget høyrde ikkje heime. Nokre orda frampå at det var berre eit drags og eit strev med desse ubehjelpelege kvinnfolka, og ikkje fekk me tumle oss so me ville heller, skulle dei vere med. Enden på visa vart at fleirtalet stemnde i mot kvinnfolkdrags, og dermed vart kvinnfolka stengde ute frå vårt lag. Turen vart bestemt til komande laurdag dersom veret vart lageleg. 

Nedre Fossedal såg nok ikkje slik ut for 100 år sidan,
men det var her reisefylgjet frå Rivedal var på fjelltur

Laurdagen kom med strålande fint ver, akkurat lageleg til ein fjelltur. Klokka seks etter middag kom dei første av laget som skulle vere med. Til mi store undring såg eg han Peder kom i fylgje med ei jente. Skal tru om ho skal vere med, tenkte eg. Jau, det var nok laga. Eg kan ikkje seie anna enn eg vart lett om hjarte. Det var nok i grunnen ikkje så toske å ha kvinnfolk med likevel, men drosa ville ikkje vere åleine kvinnfolk med på turen. Det var ikkje anna råd enn at eg måtte stad å høyre om ho Nele og ho Randi Olina ville vere med. Jau, dei var ikkje uvillige. Dei skunda seg til å gjere seg i stand.
Då me skulle gå i båten, vart me ute for ei syrgjeleg ulukke med at ei aktverdig lærarinne kom pustande og spurde om det ikkje var slik avgjort at det ikkje skulle vere kvinnfolk med på turen, for det var det verste ein kunne ha med på ein fjelltur. Men du store min kor jentene gjorde seg til. Deigjorde kort prosess. Var det så meint skulle dei visst ikkje vere med oss til drags og plage, og dermed gjorde dei heilt om og marsjerte sin veg, og att stod me med lang nase og murra med oss sjølve. Jau, no vart me fint avslørte. Men sturinga var ikkje lang. «Så ristet man sorgen av», og i veg bar det med båt innover fjorden. Fjorden låg dørgande still, og dei solgylte fjelltoppane spegla seg av i sjøen. 

"Fjorden låg dørgande still"


me kom inn til Berget, vart me vis med at stølsjentene var fram på Nova komne. Der hadde dei laga seg eit drusteleg bål som brann. Ender og gong sende dei brennande einebusker som sakte glei nedetter løypestrengen, og dei såg ut som logande «Halleys kometar». Att i mellom var det song og kveing så det ljoma mellom fjella. Me skjøna at dei gjorde seg lystige fordi me skulle tru dei gav seg ein glad dag i turen vår. Men me slo ikkje av på lystigheita me som var i båten heller. Me stemde i å  syngje å spele munnspel, so eg trur visst det kunne klart seg med det halve. 

Då me kom inn til Otresteinen, sa han Sigvald det, at no måtte me halde konsert til Otresteinfolka, og opp av lomma vart det dregne tre munnspel. Det vart spela og sunge: «O, det er herligt og underbart, og reint fagert tok konserten seg ut i den døkkstille sommarkvelden. Han Kristian sa det etterpå: «Eg trur det gjorde verkning på Otresteinsfolket.» Det hadde visst gjort verkning på honom og, for han såg so tankefull ut då han sa det. 

"Då me kom inn til Otresteinensa han Sigvald det,
 
at no måtte me halde konsert til Otresteinfolka"


Klokka var kring elleve då me kom inn i Fossvika. Det vart til ein liten diskusjon om kva me skulle gjere med båten. Skulle me nokon til å ro båten heimatt, eller skulle me late den liggje og ta heimvegen om Fossvika. Men det endelege vart at me skulle få han Søren i Vika til å ro båten ut att, og me taka vegen utover fjella. Men Fossvikfolka var lagde og sov på det beste. Skulle me våge å vekkje dei? Jau, det vart til det at han Erling og han Sigvald gjekk bort å banka på. Det varde før det kom nokon. Karane som stod på trappa mulla om at dei var viss om at han Søren trudde det var tater


Fossevika
Om langt og lenge kom han Søren ut. Gutane orsaka seg med at dei gjorde han umak, men Søren meinte det var ikkje so farleg med det. Jau, det var det om han kunne vere så bra å ro båten heim. Jau, det skulle han gjere, for han skulle no ut i fjorden likevel i morgo. Karane takka, stakk nokre skillingar bort i handa hans, og bad so godnatt. Sidan bar det oppover Kleivane mot Fossedalen

Då me nådde høgda der løypestrengen var, tok me oss ein liten pause, for Kleivane var bratte og tunge so det gjorde godt å få seg ei lita kvild. Dertil hadde me mykje drops og manna med, og den slags terping gjorde kvila enno søtare. Nedanfor oss hadde me eit storfagert utsyn over fjorden og innover til Kleps dessmeir, og bortover til Dale. Dale syntest mest som eit fagert eventyrland med alle sine elektriske lys som blinka i skumme sommarkvelden. 

"Dale syntest mest som eit fagert eventyrland med alle     sine elektriske lys..."


Då me var komne opp til Fossedalsbrua vart det atter ei lita kvild. Me naut synet av den vesle elva som laga ein liten skummande foss nett under brua. Han Kristian drog munnspelet fram og ropa ut: «No må de taka dykk ein svingom.» Jau, ein svingom vart det, og det var so morosamt å ha det å seie at me hadde dansa på Fossedalsbrua. Då me hadde teke oss ein tre-fire slåttar, meinte han Asbjørn det fekk vere nok no, og dermed bar det oppover til nedre Fossedalen. 

Fossedalshusa låg oppe i ein bakke. Rundt om stengde fjella. Dei såg so mandige og briskne ut no i nattedimma. Særleg når vinden ruska i bjørk og furutre som skymde i himmelsynet. Frå husa og nedover halla bøen seg fint og jamt. Lengst nede i botn vika elva seg ut til ein fin, liten innsjø. Mange av oss var trøtte og svevnuge og meinte me skulle natte over i nedre Fossedalen. Nokre ville absolutt ta turen i øvre Fossedalen og natte der. 



Han Peder og han Erling var stad og såg etter om det var høy i løa. Jau, det var ikkje det som mangla. Det vart so ein strid og eit kiv kva me skulle gjere. Kristian og han Sigurd meinte det at han Johan var ein streng fyr, so dei ville ikkje risikere å leggje seg i løa utan lov. Han Ingolv og han Asbjørn ville at me skulle gå i øvre Fossedalen, for her var me ikkje det minste kjende. Ja, det gjer me kviskra han Kristian. Han Sigurd reiste seg av stokken og rusla i veg oppover endå dei var både svevnuge og trøytte. I veg bar det med heile flokken. 

Komne opp til vatnet, vart me mest klumsa av det storslegne synet me hadde framføre oss. Vatnet låg so kyrrande stilt. Det låg mest som eit stort, stirande auge som såg mot oss no i nattedimma. Opp frå vatnet i aust stod grøne bjørkelier som lengst oppe var avløyst av det veldige Kringlefjellet. På vestre kanten var det lågt myrland. Lengst ute kunne me timje dei nakne fjellviddene. I nordre kanten skimta ein Øvre Fossedalen. Gardane ligg i eit fint bakkehall som skrånar opp frå vatnet. Me vart så tekne av det vene synet og den friske fjellufta som strøymde mot oss so all trøyttleik var som blesen bort. 


"Vatnet låg so kyrrande stilt". 


Han Erling og han Sigvald vart sende bort i vika for å finne båt til oss. Det varde før dei kom att. Best det var, høyrde me skrål og svall. Han Sigvald kom hæsande og blåsande. Han Erling gjekk på ryggen i vatnet. Han fann ein liten pram, og den var so vidt den kunne bere ein mann. Båten var lagd for ile. Mens han Erling fekk han so langt at han skulle ta den inn i båten, der rauk toget, og han Erling på ryggen i vatnet. Han var heilt gjennomvåt då han kom på land- so det rann av han. Men då kan hende at låtten kom på glid. Me lo so det ljoma etter. Han Erling var ikkje den som gav seg. Han fekk båten på rett kjøl og rodde innover vatnet. Han ropa til oss at no får de halde fylgje med meg. Me tok av oss sko og sokkar og vadde over elva, og i veg bar det oppover. Han som i båten var, heldt gong gong å renne seg i koll, so han fann ut at det var best han kom i land til oss. 

Den gamle båtstøa stod til høgre i biletet
"I nordre kanten skimta ein Øvre Fosssedalen"


I Øvre Fossedalen vart me møtte av nokre biske hundar som gøydde so det halve kunne vere nok. Men enden på leiken vart den at ei dør gjekk opp og ein skikkelse i kvite underkle lempa den verste av bikkjene inn. Den andre bikkja tok vegen bort på ein haug der han tuta det meste av natta. Me sette oss ned på nokre stokkar som låg borte med løa, drog på oss sokkane og heldt matykt og prata. Han Kristian spelte på munnspel, men lågt og dempa let det, for han torde visst ikkje dra so sterkt i, for det var liksom det skar so av i den kyrre natta.  

Det var ikkje mykje høy i løa, om lag eit par bører høy. Endå mindre var det i løa hjå han Elias. Det var då svarten at dei ikkje kunne ha greve so mykje høy til husar at det kunne vere råd å få leggje seg ned og få ein liten blund for ein sliten ferdamann, mulla han Erling. Han såg so trøtt og våt ut etter siste lauget so det var synd i stakkaren at han ikkje skulle ein god nattesvevn. 

"I Øvre Fossedalen vart me møtte av nokre biske hundar som gøydde so det halve kunne vere nok"
Øvre Fossedal nede t.h.


Han Asbjørn vart vis med nokre utløer nede ved vatnet. Der må det visst vere mykje høy, sa han, og sprang ned og skulle sjå etter. Men diverre, dei stod tomme. I farten såg han ikkje etter kvar han steig, og difor steig han med full fart ned i ei grøft som rann frå mottingen. Jau, no fekk du på den kvite broki di som du snobbar deg i, sa han Peder. Eg er glad for at eg tok brokabyte med meg, meinte han Ingolv, om eg på ein eller annan måte kom til å sulke den kvite. Han Asbjørn læst ikkje i, berre gjekk bort i ein bekk og vaska broka, so no skulle ho nok verte kvit att til morgondagen kom. 

Det lei langt på natt, so me laut freiste på å kome oss til ro. Delte høyet broderleg mellom oss. Det vil seie, etter mykje kjas og strid. Ein ting var me alle redde for, og det var om det skulle firmast orm her i høyet, eller troll som han Peder og han Sigvald sa. Søvnen var det ikkje så aller verst med, berre det at ender og
gong vart me vekte av gnissing og lått. Han Kristian var no den verst i so måte. Men til slutt la han Jon Blund si tunge hand på han, so sov han blideleg inn, og glad vart eg

Øvre Fossedal


Men freden varde ikkje lenge. Eg høyrde gjennom svevnen at han Sigurd og han Peder sette i: «Han Kristian ser ut som han skulle vore framlagd. Eg reiste meg for å sjå underet. Verkeleg måtte eg le med. Han låg med halvt open munn og med ei kvass nase som peikte beint opp i mønet. 

Då me vakna sundags morgonen, var himmelen noko overskya. Kring fjelltoppane låg det tunge skyflak som ikkje spådde noko synderleg godt. Fossedalsfolka var sværande imøtekommande, gilde og hugnadssame. Ja, endåtil den biske hunden heldt dlei vekke frå oss so godt dei kunne, og det var jammensant ein god ting, for han var verkeleg mannevond. Me vart bedde inn i stova. Der stod bordet duka med mykje god mat, akkurat som det var tenkt til eit brudlaupslag. Me vart spurde om me ikkje ville forsmå ein kopp kaffi og gjere so vel å setje oss bort til bordet. Me takka og sa at det var ikkje meining i å gjere slik kostnad om me som kom rekande. 

Son i huset sa at me måtte ta oss ein tur til Krokavatnet. Han skulle vere med å ro oss bort på Leknesstølen. «Forslaget er støttet,» ropte me alle i kor. Men det var ein som ikkje støtta forslaget, og det var veret, for det slo til med ein gong å pøsregne. Ja, ja, me får korta tida so godt me kan, svara han Ananias, og drog opp ein gramofon som rikta verre enn ell noko kjerring. Me hykla so godt me kunne at det var noko til grepa grammofon han hadde og kor han hadde fått tak i han frå. Jau, han var so svinheldig å få tak på han gjennom ei lysing i Landbruksbladet. 

"Son i huset sa at me måtte ta oss ein tur til Krokavatnet"
Øvre Fossedal med Krokavatnet t.h. 


Etter konserten bar det bort på låven. Han Kristian og han Sigurd og han Sigvald spela kvar si stund på munnspel. Me andre terpa på med dansen. Det var ikkje fritt for at det samla seg skodarar, og best det var vart me vise med at alle ungane hans Elias hadde klatra oppetter løbordtaket og keik inn kvar sitt navarhol.



Picnic på Krokvasstølen med rømmeaskar.
Foto Paul Stang
  • 1. | Anton Sigvald Stang | Fødd: 1892
  • 2. | Bertel Johan Nilsson Gjerde | Fødd: 1891 | Død: 1965 
  • 3. | Kristen Yndestad | Fødd: 1897 
  • 4. | Marie Gjerde | Fødd: 1896 )
  • 4. | Marie Gjertine Stang Høvik | Fødd: 1895 
Krokvasstølen 1906-1923 ca
Foto Paul Stang

Regnet såg ikkje ut til det skulle lette, så Krokavassturen slo me heilt frå oss. Fossedalsfolka ville me skulle roe oss til morgondagen, men me totte me kunne ikkje gjere so for skam skuld. Det bar til bords til mat og drikke på nytt lag. Etterpå tok me vel- leva, og rusla vegen utover til Dalsstølen. Veret var no opplett so det var godt å gå. Komne ut med vatnet eit stykke vart han Erling vis om at han hadde lagt underbroka si frå seg på låvebrua i Fossdalsløa. Han hadde hengt henne der til tørking etter lauget som han fekk. 

Dalsstølen vart me godt mottekne av stølsjentene. Han Kristian og han Sigurd og han Sigvald ville skylgje seg i sjøen. Skilde lag frå oss, og tok inn til ei ungsnøkje som røykte sigarettar verre enn eit kvart ilt. Men dei var ikkje heldige med fangsten, for best det var rømde tytta frå dei. Dei kom so opp der me var og bad om å få kjøpe rjomask. Og jau misann terpa dei rjomen det var ei lyst å sjå. 

Dalsstølen

me var komne so langt som midt for Atlevatnet, vart me vis med nokre kvindemenneske på den motsette sida. Me kvapp til, for me tykte dei tedde seg so underleg, men det var berre skodda som gav dei huldreutsjånad. Me vinka og hauka til dei, men dei lest ikkje bry seg

Atlevatnet


På Vagstadstølen fekk me ei hugnadsam stund på nytt lag. Særleg vart me godt mottekne i selet hjå henne Dorte. Ho Laura bad og inn på rjomaske, men det var berre til dei som klarte å verte fyrstemann i selet hennar. Rjomekolla smakte godt endå ho hadde vore kokt på ein gloande omn, og ikkje fullt eit døgn gammal. Det leid alt langt på kveld då me kom til bygda. 

Rivedal fram under jul


Å terpe -  å nyte smått og jamt.


Hanna Fristad - lærarinna. Ho var tremeining til Eikeneskarane. Var lærar i Bergen. 
Asbjørn Eikenes
Ingolv Eikenes
Erling Eikenes
Sigurd Eikenes - alle Eikeneskarane var brør.
Peder Fossedal og Sigvald Fossedal- brør. (Peder Fossedal hadde garden der Sverre Rivedal bur i dag. Foreldra hadde hatt gard i Øvre Fossedalen.).
Kristian Vagstad-frå Rivedal, Vagstad.


Merk 1. Dokumentet er redigert av underteikna då det mangla avsnitt. Bilda er mine eigne. 

Merk 2. I skildringa er det nemnt Leknestølen i samband med Krokavatnet. Det er nok ei geografisk mistyding. Det rette skal vere Krokvasstølen (i dag Svortevikstølen).


Ingen kommentarer: