søndag 4. mars 2018

Vondt og godt

Dagens Alden


Med ei frue som har jobba heile livet ved eit legekontor, er det ikkje alltid så lett å få gehør for alskens plager som rir ein. Slik sett er dette i grunn lettare hjå damene på jobb...  Vel, ryggen slo seg noko vrang etter siste fjellturen. Eg prøver meg på heimebane no og då at det er trekken som har gjort det. For som kjent er det berre ein ting som er verre enn trekk, og det er gjennomtrekk. Men akkurat det her med trekken er visst noko fruen i huset synest er veldig morsomt. Ja, for å kome her og kome her med den fordømte trekken, er noko eg for lengst burde ha lært meg er fånyttes. Jo, jo - ryggen er no litt betre i dag då. Det bles no ikkje så grådig på fredag heller. Men trekk var det... Kaldt òg!

Etter den vandaliserte dagen i går, kom eg meg til slutt ut igjen dag. Eg valde å knyte på meg joggeskoa og ta turen vestover til Staveneset. Tørt og fint med bar asfalt. Ja eg greidde faktisk å jogge mesteparten av vegen. Trass i ryggplager og fleire kilo for mykje å dra på. Vår blir det nok i år òg...
Legg inn en kommentar