lørdag 10. mars 2018

Vårkjensla

Hei på deg...
seier Olina og Peter

Jeg gikk en tur på stien....

  
Håvard Torbjørn og Peter

Big brothers

Ingrid Anita nyt utsikta

Kos i lyngen

Stongfjorden

Håvard og rikeleg med kosestoff...
Dagen i dag starta med ein tur til Oslandsbotnen og ein tur opp Brekka og til Botnastølen. Eg var i grunn meint å gå lenger, men snøforholda fekk meg til å snu. 15 cm nysnø med eit skarelag opp igjen på som ikkje heldt meg, fekk eg berre nok av. Spesielt kjekt var det ikkje. Gjennomvåt av sveitte som eg vart. Så eg snudde like godt heim igjen. Nok snø for i dag....

Nei i staden gjekk vi "heile gjengen" inn Solsidevegen då eg kom heim igjen. Ein treng ikkje gå høgt og langt for å ha ein fin tur. Iallefall når ein skal kose seg i lag med ungane. Dei høgste toppane og dei lengste turane er i grunn berre for Facebook. Og fort gløymde. Å få ungane med på tur er vèl så viktig. Så kan dei få vekse opp med gledene av natur og friluftsliv dei òg. Som eg gjorde som liten. 

Det er nydeleg å gå inn Solsidevegen i Stongfjorden for små barneføter. Og utsikta ut fjorden er "breathtaking". Som det heiter på godt norsk. Kakao, kaffi, sjokolade og kjeks smaka heilt utmerka i den vårlege sola. Ein kjekk liten tur.

Foto Solsidevegen 100318
Portafjellet

Skålefjellet




Legg inn en kommentar