søndag 25. mars 2018

Strålande musikalsk framtid

Rebekka Sætrum Holt

Marie Høgseth Felde

Sigrid Høgseth Felde


Etter at Dalsfjordbrua kom er det blitt ein påsketradisjon å ta turen til Dale for årets Palmejam. Arrangert av Dale Musikkorps. Olaug, Erling Paul, Velaug, Magni, Anne og underteikna tok såleis turen i år òg. Tradisjonar er viktige. Og påska er gleda si høgtid. Palmejam er dessutan ein kjekk start på fridagar (for somme), lysare tider og våren. Palmejam - eit slags "miniadvent" på to timar. 

Olaug og eg køyrde ned til Vårdal der vi tok oss ein times tid i lag med Velaug og Erling Paul før vi køyrde vidare til Dale. Magni og Anne måtte plent køyre ein bil til...Toyotaen min er ikkje av det heilt store slaget må vite. 


Erling Paul og Velaug kosar seg på Palmejam


Årets program av Palmejamen var fullspekka av godbitar. Som leiaren i laget, Arve Arstein sa, korpset er i flytsona med fleire nye musikarar og aspirantar i tillegg til dei faste med lang fartstid. Det er veldig kjekt å høyre at framtida ser lys ut. 


Årets program av Palmejam

Elles var det i år satsa på musikalske sanginnslag av unge, framadstormande jenter. Nydelege songstemmer og kvalitet i framføringane. Ei tåre og to leika i augekroken fleire gonger. Å dra fram nokon spesiell av desse jentene synest eg ikkje er rett. 

Video Rebekka Sætrum Holt

Video Marie Høgseth Felde

Video Sigrid Høgseth Felde

Eg må også få nemne Balkaniaband. Samansetninga av saksofon, orgel og gitar i eksotisk tonar er kanonbra. Imponerande!




Evelyn Åsnes og Arve Arstein takkar nye musikarar og solo-jentene.

Då blomar var utdelte, og korpset avslutta med "Thank you for the music", vanka det ståande applaus. Eit vakse publikum klappa så taket på Dale Senter rista. Som ekstranummer vart så opningsnummeret "Peter Gunn" spelt ein gong til. 

Takk til dirigent Ole Jakob Nedrebø, Evelyn Åsnes, Arve Arstein og alle musikarane. Takk til lydteknikar Steinar Skadal. Tusen takk for nok ei flott musikalsk oppleving. Og om du ikkje fekk med deg årets Palmejam, så får du heilt sikkert høve til å kome neste år. Du vil ikkje angre eit sekund!

Vi køyrde vel nøgde ut att nordsida av fjorden i 22. tida. God påske!

Mobilbilder/video Palmejam 2018
(P.S. Kvaliteten på mobilbilder lyt ein ta som dei er)


Legg inn en kommentar