fredag 23. mars 2018

Sol sol og atter sol




Ja, ser ikkje vèrmeldingane for påska flotte ut så veit ikkje eg! 
Rett nok blir Palmehelga litt grumsete, men så melder meterologane fantastisk vèr. 
Til å bli reint yr av (sjå yr under). Så får vi berre håpe dette slær til då. 

Eg søkte litt i arkivet og fann nokre påskebilder til å trigge stemninga. 


(held fram)

Stordalsfjellet og Portafjellet
I bakgrunnen ser vi Fløyen, Nonsholten og Driveknolten på Heileberget,
Stordalen ned t.v.

Utsikt frå øvst i Stordalen.
Vi ser frå venstre framme Markahengenipa, Fossedalshengenipa og Høgholten.
I midten Eitrenipa, N&S Kringla og Laukelandshesten.
Bak Blegja og Storehesten.
Stordalsvatnet i framgrunnen til venstre.
 

Det er sjølvsagt eit uttal av fine solplassar i Askvoll-fjella der ein kan finne ly for vinden. Det er ofte dette som er cluet sjølv om sola skin. For det blir fort kaldt oppe i snøen når ein ikkje finn ly for vinden. Kvar og ein har vel sin favorittplass. Ein av dei eg likar best er øvst i Stordalen. Der kan ein kan sitte med Portafjellet som ryggstø. Ved den sørvende fjellsida som blir varma opp av sola. Her er det òg fantastisk flott utsikt til fjella i aust. Og går du på ski er det ikkje så lange biten søraust til Nipebu. Så med desse orda ynskjer eg: 

God påske til lesarar av bloggen min

Nye oppdateringar kjem fort og gale 😎😎


Ingen kommentarer: