torsdag 15. mars 2018

Markavatnet/Skjerlia





Vi snakkar stadig vekk om Markavatnet og eller Skjerlia som utgangspunkt for turar. Det er sikkert fleire som ikkje har vore her. Spesielt folk frå sørsida i kommunen og elles andre. Eg har difor samla i hop nokre vårbilder her i frå (to frå hausten).
Du kjem til Skjerlia/Markavatnet ved å ta av frå FV609 vest om Gjelsvika og rett ut om Skorva-tunnelen. Her står det vegskilt. Oppe ved vatnet finn ein tre gardar - Skjerlia, Mandelia og Hatlelia (sjå foto).
Mange forbinder nok først og fremst Markavatnet som utgangspunkt for tur til Nipebu frå nordsida i kommunen. Og truleg er dette den mest nytta ruta til DNT-hytta. Ruta er den kortaste hit, og er godt merka.
Men Markavatnet er òg det beste utgangspunktet for ein tur til eitt av dei flottaste områda i heile kommunen - nemleg Leknesvatna og Eitrenipa. (Då føl du berre kraftvegen rett opp til endes). Ruta går på nordsida av vatnet på god sti, og er delvis merka.
Frå Skjerlia (i enden av vegen) kan du òg gå opp og vestover til Kvamsnipa/Middagsnipa/Indrevågefjellet eller til Stordalen, Stordalsfjellet og mange av dei andre fjella i vest (sjå kart som kommentar). På ski er det då greitt å gå inn til Nipebu, men ver obs på isforholda på Langevatnet.
Etter at den nye kraftvegen vart bygd ved Markavatnet, er parkeringstilhøva no betre enn før. Og når det no nærmar seg påske, er dette eit flott utganspunkt for ein kjekk tur.
God tur!

Legg inn en kommentar