Facebook

søndag 6. august 2017

Familietur til Fossedalen













Kafèen på Vårdalsneset

I dag gjekk vi heile gjengen av Olaug sine barn og barnebarn til Fossedalen. Til og med minste mann på 6 månader var med. 

Som vi veit er det flott å gå til Fossedalen på turstien frå Otterstein ved Dalsfjordbrua. I dag var det rett nok ganske blautt og vått etter alt regnet. 

Vèret var betre heime i Stongfjorden då vi starta enn det var inne i Dalsfjorden. Men opplett og fin temperatur er i grunn det beste turvèret ein kan ha. 

Ved dei store hellene som er med på å danne bru over elva i Nedre Fossedal drakk vi kaffi, åt skiver og lefser ++ .  Eg må nesten få nemne Tiril som gjekk som ei fjellgeit i dag. Først opp og først ned igjen. Eg vart sjølv god og sveitt begge vegar ved å halde følgje. Elles var det artig å høyre ho fortelje om vegen. Det var 4 gongen ho har gått denne turen. Tiril var til og med bort under Fossedalsfossen, sjølv om elva var diger å kome over. Turen gjekk elles veldig greitt opp og ned.

Tiril under Fossedalsfossen

Etter at vi var komne ned igjen køyrde vi til Lagunen (ved Verftet) på Vårdalsneset og kjøpte oss vaflar og is, drakk kaffi og brus. Fin søndag.
Legg inn en kommentar