Facebook

søndag 4. desember 2016

For spesielt interesserte

Ein flokk med 9 hjortar sprang forbi meg - eller eg forbi dei alt ettersom.....
Her er 6 av dei - bilde teke med mobil

Det regna heilt til topps på Moldura i dag....

For spesielt interesserte var fruens lakoniske kommentar då eg kom heim frå Moldura i dag. Som regel brukar ho å treffe spikaren på hovudet. For det bles og regna. Og etter ei nedbørsrik natt var det søkk vått. Skodda ovanfor Langedalen, ca halvveges, var så tjukk at eg måtte halde meg strengt til kvar ein einaste varde for å finne fram. 

Vel, no kjenner eg meg såpass godt etterkvart at eg har det vesentleg betre med meg sjølv etter ein tur i all slags vèr, enn når eg går frå senga til sofaen... Eg vil no heller kalle det livet for spesielt interesserte. Sportsendingane på tv sløyfar eg lett. Sportsidiot er sikkkert ikkje så greitt å vere heller. Nei, då er det betre å få røynt seg litt sjølv. Både fysisk og mentalt. Ja, for i dag var det i grunn litt jobb med begge deler. Det er så mykje snakk om komfortsona. I dag bevega eg meg vel litt utanom den på fleire måtar. Slikt gjer no alltid godt, synest eg.... (iallefall etterpå...:--)


Legg inn en kommentar