Facebook

onsdag 7. september 2016

Leknesstølen



I høve bildet frå i går på Mountains in Askvoll, og omtalen ikring Leknesvatna, samla eg i hop nokre bilder frå Leknesstølen og grunnane her (sjå Facebook).

Frå offentleg arkiv kan ein lese at stølen høyrde (høyrer?) inn under Gnr 9 bnr 1&2 Leknes. Den vart lagt ned i 1935. Grunnane ligg praktfullt til ved Leknesvatna rett nord for Eitrenipa.

Det er sjølvsagt trasig at gamle stølar forfell. Mange har stor kulturhistorisk verdi. Mykje av forfallet skuldast sjølvsagt at stølslivet er ein saga blott. Samstundes som det er kostbart med vedlikehald. Mykje grunna at dei fleste stølar manglar veg, og helikoptertransport av materiell kostar flesk. Kanskje burde det vere betre offentlege støtteordningar for å ta vare på gamle stølar/grunnar? For det er ikkje tvil om at slike ordningar vil kunne hjelpe gardbrukarar og andre til å halde stølane vedlike. Dette vil kunne fremje friluftslivet og såleis folkehelsa. Ei vinning for alle partar.

Etter underteikna sitt syn ligg Leknesstølen til på ein av dei flottaste stadane i fjellet i Askvoll.
Frå tidlegare er publisert: https://goo.gl/photos/frCgUsGknybysACW8


Legg inn en kommentar