Facebook

søndag 11. september 2016

Klassisk nydeleg tur

Nærvik, Merkesvika og Urda

Vågane

Stavestranda

Stongfjorden

Klassisk nydeleg utsikt vest for Toreheia

Yndestadhøgeheia

Olina


Tiril
Tora (det var kniven si skuld...)


I dag gjekk eg fjellet på hi sida av Stongfjorden. Den klassisk nydelege ruta opp frå Vågane over Ytrevågefjellet, Toreheia, Yndestadhøgeheia og heim igjen. Ope, nake og flott utsikt i alle retningar. 
Toreheia sett frå aust.
Foto vest for Ytrevågefjellet


På toppen av Toreheia dukka faktisk min kollega Karen H. opp. Ho nyttar området mykje òg. Men medan ho tok den vintermerka ruta ned igjen over Krikavatnet, gjekk eg fjellkanten over fjorden og tenkte å gå Selda. Men på Yndestadhøgeheia fekk eg melding om at fruen ilag med barnebarna hennar og Håvard var ved hytta ved Svartevatnet, så då skrådde eg nord den vegen og gjekk dei til møtes. Saman gjekk vi heim att. Flott søndag!


Legg inn en kommentar