Facebook

fredag 5. juni 2015

Nedslagsfeltet til Fossedalsvassdraget


Her er eit foto teke frå Eitrenipa i fjor sommar med utsikt sørvestover. Det viser området mot Nipebu. Heileberget t.v. og Fossedalshengenipa t.h. Lengst i vest ser vi Atløynipa, Dokka og Moldura t.h. Vatna t.h. der ute er Langevatnet ved Nipebu og Nipevatnet t.h. for Fossedalshengenipa. Nærast ligg Fossedalsvatnet t.v. og Krokavatnet med Svartetjerna og Grøndalstjerna midt i bildet.
Elles er det å bemerke til dette bildet at området er heilt urørt for utbyggingar utanom sjølve linja som går frå Førdefjorden til Dalsfjorden
Fossedalsvassdraget har eit nedslagsfelt på heile 16,0 km² med mange sideelvar som renn ut i Fossedalsvatnet. På sin tur til Dalsfjorden har det mange flotte fossar, fossefall, stille lonar og sjølve elva.


Frå nedslagsfeltet til Krokavatnet t.h. renn elva ned i Fossedalsvatnet frå nord. Øvre Fossedalen midt i bildet. Foto frå Kringla. 


Frå Svartetjerna og Grøndalstjerna renn elva ned i Krokavatnet og vidare til Fossedalsvatnet frå vest. Her ved utløpet av førstnemnde. Nordre og Søndre Kringla bak. 


Frå nordsida av Eitrenipa renn Skoraelva ned i Krokavatnet, og vidare til Fossedalsvatnet. Eitrenipa t.h. Foto frå Fossedalshengenipa. 


Her eit oversiktsbilde frå Fløyen i sørvest der Fossedalsfossen t.v. er ganske liten. Fjella vi ser f.v. Eitrenipa, Nordre og Søndre Kringla, Blegja bak med Storehesten t.h og Laukelandshesten og Laukelandsfossen. Vi ser òg elva frå Blåvatnet til Kvanndalsvatnet t.v. for Laukelandshesten i eit område som er verna.


Frå Botnatjerna i Eitreskaret renn Insteelva ned i Øvre Fossedalen frå aust. Foto søraust for Eitrenipa.


Insteelva frå Botnatjerna til Øvre Fossedalen og Fossedalsvatnet.


Med tilsig frå Heileberget og Grautadalsvatnet og Dalsstølen renn elva ned i Fossedalsvatnet frå vest. Foto frå Kringla. 

Utanom desse elvane og vatna har Fossedalselva òg noko tilførsle nedom Fossedalsfossen. M.a. frå dalen langs ruta til Dalsstølen, og frå Løtjerna sør om Søndre Kringla.

Dette blogginnlegget har eg laga for å synleggjere det fantastiske nedbørsfeltet som høyrer til Fossedalsvassdraget som renn ut i Dalsfjorden.



Legg inn en kommentar