Facebook

søndag 18. mai 2014

"Fisherman`s blues"


Siklabergvatnet med Moldura midt i bildet
Merkverdig ytre på denne steinen
Andre elva under Mannskaret
Kosestund i lyngen



 I dag gjekk eg opp løypa frå Gjerdedalen og Gjerdebrekka til Mannskaret. Dette tek ca ein times tid ganske bratt oppover. Deretter aust til Siklabergvatnet der eg prøvde fiskelukka. Men etter ein times tid rundt vatnet innsåg eg dette var fånyttes. Det var daudt som i grava. Så eg hadde gitt opp då to skikkelsar dukke opp på vestsida av vatnet. Det viste seg å vere to Nesalendingar som eg kjende. Vi slo av ein liten prat. Dei skulle i Svelia der det var dugnad på gjerda til vèrebeitet der. 

Etter at dei gjekk vidare la eg meg berre i den flotte lyngen ved utløpet av elva frå vatnet ovanfor (bildet) og tok meg ei skive. Eg bestemte med så får å gå opp på austsida av Svarthamrane og nord igjen til Skålefjellet. Vèret var veldig av og på for å seie det på den måtene. Temperatur, vind, skyer og sol skifta om eitt anna. Får godt og varmt til isande kald vind. Ja, det var nesten slik at eg var for varm og for kald om eitt anna same kva eg hadde på meg. Litt morsomt egentleg...

Mot Osland
Stongfjorden
Etter å ha toppa ut Skålefjellet, gjekk eg ned igjen den vanlege ruta til Gjerdedalen. Fin tur!

Legg inn en kommentar