Facebook

lørdag 1. mars 2014

Ein vellukka dag...

Soloppgang ved Eitenipa i dag

I dag gjekk turen frå Førdefjordsida til Dalsfjordsida med innlagt topptur til Eitrenipa. Kanskje er dette favorittfjellet mitt her ute. Det er berre så flott utsikt her i frå. Ja, i alle retningar. Panoramautsikt til alle fjella vestover i Askvoll. Nydeleg utsikt til Blegja og austover Blåegga. Og nordover til Florøkanten med øyane i nordvest. Mot Vevring ser ein òg. Og så gjer det heller ikkje noko å sjå sørover til Fossedalsvatnet, Dalsfjordbrua og Dale. 

Nokon spesielt enkel tur vart det ikkje i dag. Av fleire grunnar. Berga og hamrane opp første stykket frå Markavatnet var lettare polerte av is frå nokre få minusgrader. Snøfritt som det var her nede ville eg ikkje spandere broddane på dette. Difor tok det litt tid å kome seg opp forbi fossen til Leknesvatna. 
Eitrefossen, klokke er 8.20

Utfordring nr 2 var at skaren ikkje heldt opp bakkane frå Leknesvatna. Det kravde nokre kaloriar. Eg gjekk så mykje eg kunne på berg og mose som stakk opp av snøen, men det gjekk ikkje heile tida sjølvsagt. Det som nesten var verre, var at broddane som eg no hadde teke på meg klabba. Dette var eg ikkje plaga med på den andre typen eg har brukt. Dei i dag var nemleg nye. Såleis vart det ekstra tungt å først sige gjennom skaren for så å dra klabbane under skorna med meg. Kunne ikkje slå dei av heile tida heller.... Men no høyrest det visst ut som eg syter noko grådig. Utsikta som åpenbare seg etter kvart som eg åt opp meterane oppover døyva alt slit. Og at sola stakk fram no og då gjorde det i grunn ikkje verre....:-)

Men neste utfordring heldt på å skrinnlegge resten av turen. I traversen rett under toppen var snøen knallhard, polert og isete. Den som er kjend veit at det bratt. Fjellet skrånar bratt utfor heile vestsida. Her er fleire hundre meter rett utfor. Det meste i fritt fall. Eg prøvde meg ut på skråningen to gonger. Sparka det eg vann i isen for å lage spor. Men eg var faktisk litt redd for å verken kome meg fram eller tilbake ut på der. Nedanfor var det lukst til helvete om eg så skal seie. Så etter å ha fått trygg grunn under føtene igjen, tilbake der eg kom i frå andre gongen, gav eg meg på heile greia. Til høglytt banning (glad ingen høyrde meg). Eg gjekk deretter fram på kanten og tok meg eit bilde av Dale. I trygg forvissing om at turen var slutt. Berre å returnere til Skjerlia. 


Men etter å ha teke dette bildet, fekk eg tilfeldigvis auge på eit par lovande skårar opp kanten bak meg. Opp her hadde eg aldri gått før. Det såg faktisk ut til å vere mogeleg å kome seg opp, for deretter å treffe varden meir frå nordsida. Eg bestemte meg for å prøve. Slo all snø av broddane og starta å klyve. Det var steikje bratt. Men eg hadde skåra eg kom opp under meg. Eg ramla iallefall ikkje ut for heile fjellet om eg miste fotfestet (her skulle eg så gjerne hatt stegjarne som låg att i kjellaren heime). 

Dette stuntet slo fullstendig pusten ut av meg. Eg var heilt i kjellaren. Måtte stoppe opp fleire gonger for å få att pusten. Men det gjekk. På broddar, knær og fingrar. Utan å sjå meg tilbake. Og jublande stod eg på toppen. I svingande, jammen kom eg meg opp. Veldig glad for at eg slapp ned igjen...! 

Det første eg gjorde var å skifte sveittevåte klede på overkroppen. Ny Brynje alpine-pulley og dunjakke. Og sjølvsagt verdens beste vottar frå Outdoor Research. Herleg! Så kunne eg nyte utsikta....:-)

Vi ser f.v. Krokavatnet, Markavatnet, Øyravatnet og Leknesvatna t.h. 
Svanøya i midten bak, øyane i Florø, Førdefjorden og Svortevik

Eg hadde egentleg i bakhovudet om å gå Nordre og Søndre Kringla i same rennet i dag. For så å returnere ned skåra på vestsida av Kringla til Øvre Fossedalen. No hadde eg ein avtale med bror min om å køyre meg heim igjen, og var litt usikker på tidsbruken. Men mest var det fordi det hadde kosta skikkeleg med krefter å kome meg opp hit at eg no skrinnla dette. Eg var rett og slett redd for å bite over for mykje. Spesielt med vestkanten opp hit rett nedom føtene mine no i tankane.... Så eg bestemte meg for "the easy way out" - ned Eitreskaret. 

Etter eit par skliseglasar som følgje av klabbing av broddane, og nedom tjørna, var eg veldig glad for at eg hadde skippa skaret på Kringla ned. Snøen, eller rettare sagt isen, hadde nesten lagt seg loddrett i nederste delen av skaret. Og berre for å ha sagt det - det er nokre meter utfor fjellet her òg... Nei, no var eg på trygg grunn. Til reine våren i Øvre Fossedalen. For ein skilnad frå fjellet ovanfor. Ikkje eit snøfnugg. Og sola varma i dei sørvende hellingane. Fantastisk !

 På trygg grunn i Øvre Fossedalen
Kringla har litt anna form sett frå Øvre Fossedalen enn i Dale
Ganske spektakulær...
Den kvite randa ned t.v er øverste delen av skaret ned.


Ja, no kunne eg verkeleg slappe av igjen. Eg tok meg ein liten pause. Sola skein. Flott utsikt til Fossedalsvatnet. SÅ stilt. Ikkje eit menneske. Ikkje ein lyd. Berre litt fossespel i det fjerne. Det var om eg var i ein ny dimmensjon. Eg lurte så på om eg skulle ta meg ei skive, men det hadde eg i grunn tenkt å ta på vassenden mot Fossedalsfossen. Så eg lunta ned bakkane til vatnet, og tok fatt på stykket sørover langs vatnet. 

Øvre Fossedalen med Eitrenipa

Eg stoppa rett som det var og tok nokre bilder. Kjempeflott. Isen var gått opp. Men på nordsida av vatnet låg han att i store flak. Lenger sør var det heilt isfritt. Vinden hadde effektivt ført alt saman nordover. 1. mars og verkeleg vår i lufta. Storkos. 

I enden av vatnet, der den flotte Fossedalsfossen pregar landskapet, var det endeleg tid for matpause. Skikkeleg svolten no. Og tørst. Det smakte fortreffeleg med nokre grove danske rugbrød-skiver her vatnet sildra nedover berga og utfor hammaren. Her eg har hatt pause så mange gonger før. 

  Matykt ovanfor Fossedalsfossen

Etter å ha kula han ei stund, gjekk eg ned langs elva og lonane nedom fossen. Ville ta nokre bilder her nede. Det er jo verkeleg dette partiet og til fjorden som får svi hvis det blir ei kraftutbygging. Stilleståande pølar med vatn midt i flottaste landskapet, og langs den mykje nytta turruta til fjellheimen og turlagshytta Nipebu. Ei ruta som i framtida vil bli mykje meir nytta etter som Dalsfjordbrua kom, og opparbeidinga av stien frå Ottersteinen til Fossevikja snart er ferdig. Ja, fisk er her òg...

Frå lonane i Fossedalen
I enden her ligg hytta Elraki med fleire bygg

Då eg gjekk ned bakken ved fossen, såg eg det var folk i Fossedalen. Eg vart litt overraska av det. Men så vårleg og flott som det var, var det vel ikkje noko overrasking likevel. Eg gjekk difor opp bøen igjen, då eg såg eit menneske der oppe, for å helse på. Det viste seg å vere Tor Øystein og madamen. Like kjekt å treffe på dei. Sist var under bruopninga. Dei hadde sett i gang ei skikkeleg vårreingjering. Ut på tunet var det kome både møblar, tepper o.a. Og fruen i huset var i gang med malearbeid i tillegg. God arbeidslyst der i garden. Vi fretta ei stund i lag, og sjølvsagt måtte eg ha med eit bilde (gjengjeve med løyve...:-)


Så bar det vidare til fjorden og Fossevikja. Men først måtte eg ha turen bortom Elraki. Her er det så fredeleg og vakkert. Ja, på ein eller annan måte får eg ei slags "heilag" stemning over meg her. Trur elva spelar ei veldig viktig rolle. 


Elva og lona ved Elraki

Det er ikkje så langt frå Fossedalen til fjorden. Ein god halvtime eller noko slikt. Alt etter som. Det same kan ein vel rekne frå Fossevikja til Ottersteinen. Det overraska meg ganske mykje kor oppgådd stien på dette stykket allereie var. Rolf K og Agnar har merka med kjeppar og raud måling, så no går allereie folk i same trakket. Akkurat det er viktig. Men det gjenstår sjølvsagt både rydding og ei trapp over ein liten hammarnakke. Nokre personar ein lørdag og dette skal bli bra. 

Utsikt mot Fossevikja frå stien til Dalsfjordbrua

No hadde eg faktisk såpass tid til broderen skulle hente meg at det vart ein tur til Dale òg. Innom Almuen og helste på ordførararen og diverse kjentfolk. Men eg såg ille ut, og lukta sikkert endå verre, så det vart berre med ein rask visitt, før turen bar oppom foreldra mine for å helse på. Etter ei stund kom så Sillan og skyssa meg til Stongfjorden igjen. Takk Sillan. 

Ja, dette kan vel seiast å vere ein vellukka dag...:-)



Legg inn en kommentar