Facebook

fredag 18. oktober 2013

Merketur Toreheia



Nydeleg merketur for vintervandring med hovudlykt på Toreheia i ettermiddag. Veldig skiftande lys, snøbyger og sol. 

Eg traff først Torgunn Y nett nedom nedste grinda her opp, og slo av ein prat med ho. På hytta deira ved Svartevatnet var Vincent og ein kompis installerte, så eg fritta frampå med dei òg gjennom hytteglaset. Koseleg. Men eg hadde diverre ikkje så mykje tid å spele meg med sidan det mørknar jammen fort no. Så eg måtte berre gje på oppover. Det gjekk sjølvsagt heilt greitt opp på toppen, men det vart ei snøbyge og litt skodde der oppe. Ein liten forsmak på at det kan vere greitt å ha nokre merker å gå etter når mørkevandringa startar. Forholda skiftar fort her ute ved kysten...

Eg fekk merka godt ned igjen nesten til Krikavatnet. Det viktigaste partiet. Men eg får ta meg ein tur til i morgon eller så for å komplementere eit stykke til. Eg nådde akkurat ned igjen før det vart mørkt. 


Legg inn en kommentar