Facebook

lørdag 19. oktober 2013

Merketur Toreheia 2

Vadet på Krikavatna retning nord

Eg tok turen opp igjen på Toreheia (717moh) i dag òg, for å gjere ferdig vintermerkinga for hovudlyt. For dei som vil nytte seg av dette, er det å opplyse at det ikkje er merka over vadet og nordsida av vatnet, sidan isen snart legg seg her, og det då er snauare å gå over vatnet i staden for rundt. Merkinga med refleks startar eit stykke ovanfor hytta til Wilken Y. og vil bli teke ned når det lysnar ut på ettervinteren. 

Eg slo av nokre ord med Vincent og kompisen på hytta ved Svartevatnet i dag òg. Dei var i ferd med å fyre opp einerbålet igjen. Det rauk godt i går kveld, men såg meir smått ut i dag... Men karane tok kvarandre i nevane på at det skulle fate...:-)


På toppen var det kome nokre centimeter med snø i løpet av natta. Ja, faktisk var det ganske kvitt. Eg tok nokre bilder og gjekk ned igjen same vegen. Varda litt undervegs, før eg fann att sekken og stengene nede ovanfor Krikavatna. Så var det å stangsette det stykket eg hadde bestemt meg for.

Det var kome nokre centimeter med snø på toppen i løpet av natta

Ned ved hytta igjen traff eg Karen H. og Torunn Y. dei var på veg ned igjen etter ein tur oppe ved Mangevatna. Eg slo av nokre ord med dei, men tok førevegen til Yndestad igjen. 

Karen og Torgunn ved hytta ved Svartevatnet

Fin tur opp i dag òg. No skal alt vere klart for litt kveldstrim med hovudlykt på Toreheia. Håpar at andre òg vil nytte seg av dette. Det er fantastisk å gå her oppe under månen og stjernehimmelen utan anna forstyrrande lys. Vinterhimmelen er aldri så fin som her... 

Legg inn en kommentar