Facebook

søndag 3. mars 2013

Våren er lumsk den

 
 Veldig hardt og mykje is ved Stordalsfjellet no.
Sola dukka faktisk opp i dag òg...

Eg gjekk ein kombinert ski- og istur med broddar på Stordalsfjellet i dag tidleg. Ja, det var så knallande hardt og isete at eg sette att skia på toppen av bakken ved Porten og tok i bruk broddar i staden. . Eg tok den ruta i dag òg. Eg torde meg rett og slett ikkje opp i verste partiet i det bratte skaret på sørvest sida av Portafjellet. Det vil seie - eg prøvde, men snudde. Risikere livet er ikkje nødvendig heller...

Ved eit par høve måtte broddane likevel gje tapt i skjeringane mot Stordalen. Fotfestet forsvann. Men eg passa på å ha litt sikker sklibane under meg, så det gjekk bra etter nokre meter på isen og skaren. Også oppe ved toppen av Stordalsfjellet låg det mykje is og skare.

Eg gjekk ned igjen same vegen. Då vart eg vàr ein svart flekk i snøen ved eine tjørna ved Porten. Ei lita elv, som hadde gått opp i mildveret, hadde truleg lokka ein vårkåt frosk or vinterdvalen noko tidleg. Så det vart ein tur gjennom perleporten i staden for friarferd i Porten på den karen. 

Han ville tidleg gjennom Porten i år denne karen....

Det var eit veldig blideføre ned igjen mot Botnastølen. Kombinert med stadvis laussnø og skare, var det vanskeleg å køyre. Eg tok det difor heilt med ro ned igjen. Likevel havna eg på nasa i tørrsnøen ein gong så det song. Etter å ha registrert at alt var like heilt måtte eg nesten fline. Det var sikkert eit flott svalestup... Elles gjekk det sjølvsagt bra kjapt ned igjen med ski på føtene.... Fin tur! 

Legg inn en kommentar