Facebook

fredag 1. mars 2013

Ein liten pause

Eitt av bilda eg likar best frå i vinter....
Vi ser Stordalsfjellet her t.v og bak Eitrenipa, Blegja og Fossedalshengeipa t.h.

Eg har teke meg nokre dagar "fri" frå fjell og fjelliv. Mest på grunn av at eg har måtte prioritere andre ting. Men òg for å ha "feita" meg opp litt, venta på betre lys om ettermiddagen og jobba litt med motivasjon. Fjella ligg no her. Meir eller mindre for evig. Det er verre for oss varmblodige... 

Første vårdagen er her i dag! Det er kjekt. Ja, helga står òg for dør. Kva den måtte bringe får vi no sjå. Vèrmeldingane er ikkje dei beste. Men ein tur eller to skal det nok bli. Mest av alt ser eg likevel fram til å finne fram joggeskorna og shortsen og kunne springe fjella i staden for å måtte bruke broddar, trugar og ski.... Det blir liksom litt mindre styr då...:-)

God helg!
Legg inn en kommentar