Facebook

onsdag 13. mars 2013

Dårskapens disiplar



Dagane og åra går fort. Likeeins straumen av nyhende. Bombarderte som vi blir. Det som var nytt i går er gamalt nytt i dag. Det som media og journalistar fann interessant i går, har gått ut på dato i dag. Og slik går no dagane og åra. Stadig fortare.

Kanskje har det difor noko med alderen å gjere kva ein finn verdfullt her i livet? Når vi har alt vi treng. Og kan kjøpe meir og meir av det vi trur vi treng, men som i røyda berre er vekkasta? Gjer pengar, makt og prestisje menneske lukkelege? Kan vi og samfunnet rundt oss "vekse" inn i himmelen? Eller kjøpe oss lukke og vandre lukkelege til dei evige jaktmarkar? Vanskelege og filosofiske spørsmål, ja, men likevel spørsmål eg av og til stiller meg sjølv i det daglege og på fjellturane mine.  La meg skunde meg og legge til at eg verken har forutsetningar eller intensjonar om å finne svara, men enkelte ting veit eg har meir verdi enn andre. Ikkje minst verdien av det evigvarande rundt oss. Vi er trass alt berre gjestar på denne planeten ei kort tid.

De skjønar eg er kraftig provosert. Igjen. Først og fremst over dei som øydelegg det "evigvarande" rundt oss for pengar og prestisje. Lettente pengar. Folk som brukar all si tyngde, pengar og makt til å kneble vanlege folk og deira tankar og idèar om kva som er rett. T.d. i Engebøsaka der aksjonærane i Nordic Mining gjennom sine posisjonar i kommunar og næringsliv, truleg trumfar gjennom ei kortsiktig utbygging og rasering av eit fjell og eit fjordlanskap. Og i tillegg vil dumpe kjemikalier og anna skit i fjorden for å tene seg endå "rikare"... Til kva? Lukke? Eller eit himmelsk ettermæle? Ja så dum er eg at eg spør...

Førdefjorden, Kvammen, Vevring og Engebøfjellet

Dette er berre ei sak. I skrivande stund er den heldigvis sett på vent. Men  umettande gap kjenner eg til... Ja, metodane er akkurat dei same i andre øydeleggjande miljøsaker. Leknesvatna og Grunnevatnet skal eg halde meg unna i denne omgang. Det gjer for ilt endå. Likeeins Stongsvatnet, Oslandsvatnet, Botnastølsvatnet, Svelivatna, Øyravatnet, Bjørnastigvatnet etc etc. Berre i Askvoll. Her eg går mine daglege ruter heimanifrå. Og no ser det ut til å bli kamp om Fossedalsvatnet, Fossedalsfossen, Fossedalselva og Vikafossen - igjen!. Galskap. Det siste vassdraget av noko betydning i kommunen som nokon skal "vekse" seg større og tene pengar på. Til kva? Spør slike berikarar seg same spørsmåla som eg? Mogeleg dei kan kjøpe seg større lukke her på jord enn det eg kan? Eller er dei komne inn i ein spiral i lag med naboen der dei ikkje klarar å hoppe av? Eit vekstsyndrom?

For eigen del er eg ganske så sikker på at vekstfilosofien bør skrinnleggast. Eller tenkjast nøye gjennom. Meir straum, meir forbruk, meir vekst fører til auke i ressursbruk og endå meir øydelagt natur som ikkje kan forsvarast. Naturen har vi til låns ei lita tid. I dag lever vi ikkje i pakt med den. Ein gong vil dette seie stopp av seg sjølv.... Bør ein ikkje seie stopp før? Sjølv om du og eg ikkje er her...?

Gårsdagens nyhende er gjerne ikkje så interessante nei. Inn og ut av øyra og auga i ein fei. Så i dag er det sikkert ikkje spesielt at Småkraft vil byggje ut i Fossedalen, sjølv om dei fekk nei forrige gong. Som ein unge som skrik etter godteri i butikken er det lett å gi etter. For å få fred. Vi er lettpåvirkelege soleis. Maktfolka som sit på pengesekken veit korleis dei skal sukre agna i godtebutikken. Det er jobben deira det. Dei sukrar agn heile dagane. God løn får dei òg. Vi som innser dette er nok berre einstøingar og kranglefantar som ikkje veit vårt eige beste. Og dei fleste gir jo berre blaffen likevel så lenge det ikkje påverkar deira eiga lommebok...!

Det e på`an igjen, på`an igjen  Origo Fjaler

Fossedalen minner
Legg inn en kommentar