Facebook

onsdag 5. desember 2012

Stjernekveldar

Siste lyset med smarttelefon i kveld. Vi ser ein bil på FV 609 på Osland.

Det er fantastiske kveldar i fjellet no. Stjerneklårt, stilt og fint med flott lys, før det blir heilt mørkt. Diverre gløymde eg att kameraet heime i dag tidleg, så med berre mobilen for handa, blei det dårleg med kveldsbilder i kveld. Eg får legge kameraet klart til i morgon tidleg, og sjå om det kan bli nokre stjernebilder då. 

Turen til Indrevågefjellet på veg heim etter jobb, gjekk akkurat like fint som i går kveld. Men på toppen var det så stilt at eg kunne tent ei fyrstikke. Utruleg! Og med den stjernehimmelen.... 
Legg inn en kommentar