søndag 4. mars 2012

Fin søndag

Soloppgang frå Calis-toppen i Kemer, Tyrkia

Ja, det var litt sommar-feeling eg fekk på joggeturen til Vågane i dag. Eg tok ikkje shortsen då, men det var ikkje langt i frå. Mannfolk på +50 skal vel ikkje snakke høgt om tights og greier, så det kan vere unemnt....:-) Men eg var nesten sommarkledd på turen iallefall. Tek eg i litt ekstra sveittar eg uansett. Noko trekk var det, må innrømme det, men kjensla av å springe lettkledd er, ja, frigjevande. Nesten litt slik som fuglen, utan at eg veit akkurat korleis dei har det...

Som tidlegare nemnt så har eg ikkje lagt fjellivet bak meg. Langt i frå. Men trengde i grunn litt nye utfordringar etter å ha sprunge ørten gonger på fjelltrimpostane dei siste åra. For det meste mo åleine. No vil eg prøve å tenke meir på at det er turen som er målet, og ikkje boka på toppen. Difor vel eg heller resten av denne sesongen å gå på dei fjella eg vil, når det passar best, og når vèret kanskje ikkje er så aller verst. Jogginga går eg sikkert lei igjen, men det kjennest iallefall ut til å vere ein flott måte å halde forma vedlike på... og kanskje tek eg ein halvmaraton snart... Det er no forsåvidt ei utfordring i det òg...:-) Gler meg gjer eg iallefall til morgonjoggen i Tyrkia før sola står opp. Då er det ikkje altfor varmt til å springe naken...! Jippi!

Ingen kommentarer: