tirsdag 5. juli 2011

Varmt og fint på Heileberget

Sauer med flott utsikt

Etter at eg køyrde Peter på badetur til Andreas i Grimelia, tok eg sjølv turen til Rivedal, og gjekk inn Heileberget og til Fløyen i dag. Det vart strålande vèr då skodda letta skikkeleg opp i 10-tida. God temperatur i høgda.

No arta vel ikkje denne turen seg så stort frå den hin dagen. Sauene til Asbjørn og Sonja kom meg i møtes både her og der innover. Dei som var trekte lengst innover gjekk ved vatnet vest om Driveknolten. På hi sida var det komne til fjells ein annan rase. Kvite med raudt merke. Dei fnyste og sprang innover nordsida av Heileberget. Som dyr så menneske - vi er forskjellige i sinn og skinn...  Det har med oppvekst og miljø å gjere.

Eg sette opp nokre nye vardar innover i dag. Dei står som perler på ei snor, sjølv om det manglar nokre rett vest av Driveknolten. No veit eg ikkje kor mange som går denne vegen. Har inntrykk av at mange går svaberga på sørsida frå Hundeheia og innover. Eg likar best å ta opp skaret og gå høgda. Apropos skaret i dag - der var det vanvittig varmt - med solinnstrøyming frå sør og null trekk pga Høgeholten. Sveitten rann i strie straumar. 

Rett utom toppen, på veg ut igjen, traff eg på Torill og John L. Dei har nettopp vore på Kilimanjaro. Så vi slo av ein prat om den turen. Høyrdest veldig freistande ut. Spesielt dette med å kjenne korleis høgda virkar på kroppen. Vel, vel - det er ikkje for seint til å prøve seg endå. Den som vil, han kan! 

Eg la inn eit ekstra gir ut igjen. Sprang ein god del av vegen. Veldig godt å kjenne at foten nesten er bra igjen, sjølv om eg framleis nyttar støttebandasje og fjellsko. 


Fra Heileberget 050711

Ingen kommentarer: