tirsdag 9. november 2010

Kald fjellmorgon

Klokka har nett passert 08 i dag tidleg på Gjelsvikefjellet

Eg hadde fri i dag for å gå i gravferd til tanta til Olaug. Ho vart gravlagd i Holmedal med minnestund på Eldresenteret etterpå. Men eg stod opp til vanleg tid i 06-tida, og fekk tid til ein rask tur på Gjelsvikefjellet igjen først. 

Eg var framme i Skjerlia før klokka 07, og gjekk med hovudlykt første stykket opp Fesselia. Det var ein kald morgon. Og det var frose godt på i stien oppover. Eg trakka utanfor i lyng og snø på dei verste partia for å halde farten oppe. Det tok ikkje så veldig mange minuttane før eg skimta spora frå søndag utan lykta, så den gøymde eg. 

Det lysna meir og meir av dag i aust. Eit fantastisk skue åpenbara seg etter kvart på austahimmelen. Og då eg nærma meg Gjelsvikestølen stod himmelen i brann. 

Himmelen står i brann ved Gjelsvikestølen. Blegja t.h.

Eg heldt fram opp bakkane til toppen av fjellet ved å følgje spora vi trakka på søndag, og kom meg raskt opp på toppen. Her folda heile himmelen seg ut i all si prakt trill rundt 360 grader. Eit fantastisk skue. Rosa himmel i syd/vest/nord og gull og rosa i aust. Det var ein perfekt morgon. 

Jammen var eg glad for at eg hadde putta ekstra klede i ryggsekken. Kulden reiv i kroppen. Eg heiv av meg alt det sveittevåte på overkroppen og fekk på meg Brynjetrøye, lett Rab dunsmock og vindtett ut att på. Og fram med godvottane og ny hue. I mellomtida, medan eg kledde meg om, var den sveittevåte Rab Drillium jakka blitt til "flattbrød" - steinfrosa! Eg var glad eg slapp å ta den på meg igjen...:-) Eg bretta jakka forsiktig i hop og putta ho i sekken

 Fossedalshengenipa frå Gjelsvikefjellet i dag tidleg

Det vart ein heil del bildetaking i dag tidleg. Eg berre måtte. Mulig eg har overdrive litt, sjølv om eg har sletta halvparten...:-) Det var berre så utrulig vakkert. Og med gode klede var det heller ikkje kaldt (når eg i tillegg klarte å klikka av kameraet med vottane på...) ! No hadde eg likevel ikkje allverda med tid på meg, og fann så ut at eg berre måtte springe ned igjen. Så eg halvsprang frå Gjelsvikestølane til bilen igjen ved Skjerlia. Eit par nesten kollbøttar på isen er no slikt ein må rekne med, men stavar er til veldig god hjelp under slike forhold. Forresten brukar eg alltid stavar. Det er godt for rygg og knær. Å vere lett på foten likeeins.... Så eg var faktisk heime igjen på Yndestad rett før klokka 10. Perfekt tima på ein fantastisk morgon og ein kjempetur...! 

Og gravferda gjekk som planlagt. Nydeleg sol i Holmedal, og bra med folk. Ei god betasuppe og eit par solide blautkakestykke etterpå gjorde seg....!
Foto Gjelsvikefjellet 091110

Fra Gjelsvikefjellet 091110
Frå starten på siste stigninga til toppen ser vi m.a
Førdefjorden, Ruggevatnet, Keisarlivatnet og Blegja

Ingen kommentarer: