torsdag 28. juni 2007

132kv kraftlinje ved Nipebu?


Med utsikt frå altanen på Nipebu mot mogeleg trasè for kraftlinja i himmelsjå

Følgjande innlegg er sendt til Firda i dag:

I sin iver etter å tillegge privatpersonen Gustav Skaar motiv han aldri har hatt, gløymer den daglege leiaren for Lutelandprosjektet nesten kva saka dreiar seg om.


Og det er:
A: Greie ut ein alternativ sjøkabel for straumforsyninga til Lutelandet og syne kostnadane for folk.
Eller B: Velje minst muleg naturøydande trasè for linja frå Markevatn til Lutelandet.


SFE Nett, som har lagt fram meldinga og forslaget til konsekvensutgreiing for linja Grov-Lutelandet, har kalla inn til folkemøte, som dei er pålagde, nemleg for å diskutere kva linjeval ein er best tent med. Dei er i meldingsfasen i denne prosessen og skal ta i mot innspel til linja. Og det er sjølvsagt viktig at folk nettopp har det! (Vi som har synspunkt på linjealternativa kan ikkje kome i ettertid av utbygginga å seie at "slik skulle det aldri vore gjort"....).

At energiselskapa vel eit tidspunkt midt i ferien for folkemøtet, og med veldig kort varsel, fortel vel alvoret og hastverket for å få bestemt trasèen for linja.
Forslaget blir difor forsøkt gitt raskast mogeleg handsaming innafor byråkartiet og NVE.

Vi som er lokalkjende i fjellheimen på Askvoll-halvøya, og som har trakka mange par fjellsko her, ynskjer sjølvsagt eit ord med i laget når ein føreslær eit nytt stort naturinngrep. Vi er glade i området og vil kjempe med nebb og klør for at inngrepet er minst skadeleg for dei unike naturkvalitetane vi har lite vetta igjen av. Det betyr ikkje at vi er mot noko som helst på Lutelandet. Vi er sjølvsagt og interesserte i at Askvoll skal få betre straumforsyning – er sjølv lei når straumen stadig ”hikkar” i Stongfjorden.

At energiselskapa har dårleg tid for å få gjennomført prosjektet etter at Stortinget vedtok straumforsyning frå Lutelandet, forstår vi og.
Men det forsvarar likevel ikkje at linjevala går "over stokk og stein" les: over den flotte og urørte fjellheimen i vest. Det finst mindre øydande alternativ.
(Underteikna har to som er mykje betre enn dei skisserte og meiner absolutt desse er realiserbare).
Vil minne om uttrykket hastverk er lastverk.

Likeeins forsvarar ein ikkje eit nytt stort naturinngrep i urørt natur (INON) vest ved Nipebu, fordi ein då kan rive den eine, mindre 66kv linja gjennom Fossedalen. Her må ein prøve å halde tunga rett i munnen.

Korleis ein skal få gjennom konsekvensutgreiinga før 1.oktober - iallefall hvis ein skal køyre på skisserte alternativ, er eit stort spørsmål.
Her må inn fagfolk for å vurdere konsekvensane. Konsekvensutgreiinga må og kunne etterprøvast.

Difor lyt ein denne gongen pent ta naturinteressene med i bildet dersom straumforsyninga på Lutelandet skal kome på plass til rett tid.
Det er difor i alle si interesse at folkemeininga bli teke omsyn til.

Underteikna kan i så tilfelle godt tenke seg å sitte på altanen på Nipebu ilag med både dagleg leiar på Lutelandet og adm. dir. i Sunnfjord Energi og sjå sola gå ned over fjella i vest!

Ingen kommentarer: