onsdag 28. mars 2007

Horisonten


Here comes the sun...har vore spela 3 gonger i radioen i dag på NRK - som eg har fått med meg. Veirmeldingane er berre eineståande. Sol over heile landet - minner meg om ein eller annan norsk klisje-melodi om eit høgtrykk.

Eg var så heldig her om dagen å få tak i nokre eksemplar av eit hefte som heiter "Horisonten". I dikt og verse-form på miljøvennleg papir handlar heftet om motstand mot vindmøller og ein hyllest og inderleg kjærleik til kysten, kystlandskapen og folket her. Mange flotte maleri prydar heftet.
I redaksjonen for heftet står Atle Færøy og Inger Johanne K. Brunvoll.

Eg vart bergteken av kjenslene i heftet og tok difor i stad ein telefon til Atle Færøy, Aureosen, opprinneleg suling, og fekk meg ein god telefonsamtale om temaet og i tillegg nokre nye eksemplar.
Dersom nokon er interessert i dette vesle meisterstykket er det berre å ta kontakt.

Dagens bilde er frå Rinda på Yndestad og viser Stongfjorden i solnedgong (klokka er ca 19.30). Så tørt som det er blitt no "sprang" eg med joggesko opp i kveldinga. Turen opp og ned tek ein liten time og er passeleg for å få pumpa godt i gong når tida elles er knapp....

Ingen kommentarer: