Nve
Nve@nve.no Dale,
15.febr. 2015
Vedrørande søknad om kraftutbygging i
Fossedalen/Fossevika, saksnr. 201400336
Høyringsuttale frå Fossedalens Vener til nemnde søknad.
●
Fossedalen er ein veglaus dal, der
namnet kjem av alle fossane.
●
Den gamle fjellgarden Nedre
Fossedal er ikkje eit inngrep som skissert i Konsekvensutgreiinga (KU) for
søknaden, men av stor kultur- og landskapsmessig rikdom.
Øvre og Nedre Fossedal med toppane
i aust.
Fossedalsfossen midt i bildet nede. (Laukelandsfossen t.h.)
● Askvoll
og Fjaler kommunar sa i 2004 med stort fleirtal nei til kraftutbygging i
Fossedalen.
● I
2015 vart resultata det same i båe kommunestyra (sjå eigne tilsende
handsamingsvedtak frå kommunane).
●
Lite er endra i høve 2004. (Vatnet
skal førast i tunnel i staden for røyrgate. Innslaget og stasjonen er flytta
mot vest i Fossevika). Verknadane for Fossedalsfossen, elva og fosselandskapet
gjennom dalen, lonane ved Nedre Fossedal og Vikafossen med utløp i Dalsfjorden
er dei same som før.
●
Iflg. tabell i KU side 42 er
middelvassføringa sett over heile året 1.728 l pr. sekund. Om sommaren er
middelvassføringa ein heil del større. Omsøkt minstevassføring om sommaren er
400 l pr. sekund. Altså berre 23% av middelvassføringa. Det blir ikkje så mykje
liv i fossane då, samanlikna med det normale, sjølv om dei ikkje blir
heilt tørre.
●
Slukevne i kraftstasjonen:
2.935 l pr. sekund, eller 1,7 gonger middelvassføringa. Det betyr at det om
sommaren ikkje "renn over" før vassføringa blir 2.935 + 400
(minstevassføring) = 3.335 l pr. sek. eller 1,93
gonger middelvassføringa. Slukevna i kraftstasjonen er så stor at den
fangar opp alle mindre flaumar og dei aller fleste vassføringar
om sommaren etter at den største delen av snøsmeltinga er ferdig.
●
Som ein ser av tabellen, er det
nokre mindre flaumar som gir overløp under snøsmeltinga i mai og juni. I
den finaste tur- og turistsesongen i juli og august er det nesten ingen
flaumar, slik at det nesten berre renn minstevassføring i desse to finaste
månadane. (Ein ser også at dei naturlege vassføringane i desse to månadane med
nokre få unntak er betydeleg høgre enn den flate streken
for minstevassføinga, sjå grøn kurve.) Unntaka er ein enkelt liten
flaum i midten av august og ein stor flaum heilt i slutten av august dette året.
Elles ser vi at dei fleste store flaumane i Fossedalselva kjem om hausten.
● Kurvene
vil sjølvsagt variere sterkt frå år til år. Men hovudtrekka vil vere dei same
frå år til år: Ein del overløp under snøsmeltinga i mai og juni. Nesten ikkje
overløp i det heile i juli og august, og flaumar med overløp når det er kraftig
regnvær om hausten, og enkelte år litt lenger.
● Nedbørsfeltet
til den omsøkte utbygginga er på heile 16 kvadratkilometer. Pr januar 2013 i
store INON frie landskap(sjå kart fylkesmannen).
Fossevika og Fløyen
(Kystarvsti og fjelltrimpost)
●
Grunneigar av dei gamle
kulturminna i Fossevika har fått offentlege midlar (STILK) til istandsetjing av
bygningsmasse og kulturminne. Ei kraftutbygging bryt med autensitet og heilskap
i vika..
I Vikafossen: »Kulturminnet tok vare på
naturminnet»…
Kvernsteinar i Vikafossen
Dalsfjordbrua
har opna opp eit unikt turterreng nær Dale.
Den nye turstien går i høgre
bildekant.
●
Den nye stien er støtta med
tilskot frå DNT og Sparebankstiftinga.
Denne er òg del av Kystarvstiprosjektet i kommunen til Fløyen
og Heileberget. Området kjem med dette meir til
sin rett for alle. Og vil i framtida bli den mest nytta innfallsporten til det
unike natur- og fosselandskapet på nordsida av Dalsfjorden.
●
Etter at fjelltrimposten på Fløyen
vart tilrettelagd, er posten på denne besøkt heile 881
gonger på vel eitt år. Før om åra, og før brua, var besøkstala på under 100.
●
Ein opplevde i sommar reine
«folkevandringa» til Fossedalen, der parkeringsplassen ved brua i fleire høve
var for liten
●
Fråveret av veg og trafikk i
Fossedalen aukar opplevingsverdien av det enkle friluftslivet. Fossedalen er å
rekna som sentrumsnært område til Dale etter at Dalsfjordbrua vart bygd.
Frå Dalsfjordbrua ser vi fjord og
fosselandskapet ved Fossevika. T.v. Vikafossen og Laukelandsfossen (freda).
Fjella er Kringla, Blegja og Laukelandshesten.
●
År 2015 er Friluftslivets år. Løypa mellom
Otterstein og Fossevika vil bli opna 31. mai. Opninga er teken inn i lokallaget
av DNT, Indre Sunnfjord Turlag, sitt turprogram for 2015.
●
Det er under planlegging ny merka
sti til DNT-hytta Massbu frå Nedre Fossedal som del av eit
"trekantopplegg". Avtale med grunneigar er skriven.
●
DNT og Kystarvstiprosjektet har
vidare planar om utvikling av stinettet.
●
Friluftsliv er ei viktig kjelde
for god folkehelse. Fysisk fostring sparer
kommunen for utgifter.
Stien
langs Fossedalsvatnet er mykje nytta. Her ved Øvre Fossedal med fjellet
Eitrenipa, fjelltrimpost, bak
På dugnad er det sett opp fleire
nye bruer i Fossedalen
●
I regi av DNT er det på dugnad av
Fossedalens Vener sett opp 3 nye bruer over Fossedalselva.
●
Miljøvernavdelinga hjå
fylkesmannen har definert Fossedalen/Nipebu som eit område av spesielle
naturverdiar (EDNA) (sjå
kart fylkesmannen)
●
Miljøvernavdelinga hjå Fylkesmannen
har avsett same område som lokalt og regionalt viktig friluftsområde (FRIDA) (sjå
kart fylkesmannen)
●
Ei kraftutbygging vil redusere
INON (inngrepsfri natur, spesielt nær Laukelandsfossen/Storelva. Eit parti som
er verna.
●
Fagrapportane som er utarbeidde i
høve utbygginga er mangelfulle. Dei er heller ikkje utførte av kompetent nok personell.
I tillegg på feil årstid m.a. etter fugletrekk sesongen.
●
Tidlegare er det m.a. observert
strandsnipe (NT på raudlista) og fossekall ved lonane og fossane. Orrfugl har
spelplass vest om Nedre Fossedal.
Smålomen ved Nipebu fiskar høgst
truleg i Fossedalsvatnet
Oversiktsbilde: Fossedalsvatnet
t.v og området mot Nipebu. Vi ser m.a. Heileberget (merka kystarvtopp og
fjelltrimpost i Askvoll) og Fossedalshengenipa t.h (fjelltrimpost i Askvoll)
Foto frå Eitrenipa (fjelltrimpost i Askvoll).
●
Som landskapselement i Dalsfjorden
er Vikafossen saman med Laukelandsfossen (sørvende begge to) viktige å ta vare
på for framtida. Dei er ein del av identiteten vår.
Eitt
av fleire utløp av Fossedalselva i Dalsfjorden. Vikaholmen midt i bildet. Kva
verknader og endringar ei kraftutbygging vil ha på livet i fjorden og i
brakkvassona, er eit uavklart spørsmål. Størstedelen av vatnet (over halvdelen)
kjem på feil stad. I lange periodar vil nesten alt vatnet kome via
kraftstasjonen.
●
Nedre
Fossedal har saman med noverande utbetring av kulturminne og
bygningsmasse i Fossevika (støtta av kommune og stat) betydeleg potensiale i
turistsamanheng. M.a. nyttar Åmot Operagard og turistar området i dag. Som
omdømebyggjar er dette i lag med Fossedalen, DNT sitt løypenett og
Laukelandsfossen (verna) viktige i reiselivssamanheng, "på
folkemunne" og i sosiale media. Ei kraftutbygging vil skape støy og
negativ merksemd for kommunen.
●
Folk som satsar på turisme i pakt
med natur må prioriterast. Ei kraftutbygging i Fossedalen er ikkje
framtidsretta. Den omsøkte
utbygginga vil ikkje føre til vekst i arbeidsplassar eller tilflytting.
●
Det er ikkje fast busetnad i
Fossedalen.
●
Fallrettshavarar er heimehøyrande
utanfor Askvoll kommune.
●
Fossedalen,
som før kommunereguleringa høyrde til Fjaler, er/var i stor grad knytt til
fjalerfolk og folk med tilknyting her. Dei aller fleste grunneigarane er
heimehøyrande i Fjaler. Som ein veit frå underskriftsaksjonen mot førre søknad
i 2004 var det særs stor motstand mot utbygginga. Det vart samla inn 1561
seriøse underskrifter (dei vart alle gjennomgådde). I år følgde såleis
politikarane rådmannen si innstilling mot ei utbygging med eit røystetal 20 mot
3.
●
Limnologiske tilhøve Fossevika
Kraftverk.
Fossedalens
Vener vil komme med ein merknad til dei
limnologiske verknadane av ei kraftutbygging slik Fossevika Kraftverk har søkt
om; etter at vi har fått delta på synfaringa som NVE vil halde i løpet av våren
eller sommaren 2015.
For
Fossedalens Vener
Agnar
Åsnes
Arild
Laukeland
Bente
Liabø Thorsen
Roald
Nordeide
Gustav
Skaar
Alle foto Fossedalens Vener
Vedlegg 1: Angående
konsekvensutredning, Fossedalen, vedlegg 8 «Småkraft AS» ved Multiconsult AS
oktober 2014
Vedlegg 2: Tilleggspunkt til
uttale Multiconsult 3.6.2 Generell områdebeskrivelse
Vedlegg 3. Befaringsrute –
bekkekløft - fossesprutsone
(fleire bilder originaldokument)
Vedlegg 1
ANGÅENDE KONSEKVENSUTREDNING, FOSSEDALEN, VEDLEGG 8
«Småkraft AS, Fossevika småkraftverk, miljøvurdering, utarbeidet av
Multiconsult oktober 2014
Denne uttalelsen tar i hovedsak for seg vurderingene
av det biologiske mangfoldet i området.
Arbeidet baserer seg hovedsakelig på
litteraturstudier, i mindre grad på feltstudier (side 6.)
En av personene, som skal kartlegge det biologiske
mangfoldet og forekomsten av rødlistede arter, mangler kompetanse innenfor
biologifaget. «Feltbiolog» er ikke en beskyttet yrkestittel. Betegnelsen er
uten substans.
Deler av området ble ikke tatt med i befaringen. Ikke
grunngitt hvorfor (s.6).
Utrederne kategoriserer selv kunnskapsgrunnlaget som
middels (2) til godt (3).
s.18, 3.4.1. «Fugle-
og pattedyrfaunaen antas å være representativt».
«Det antas at en del
av trekkfuglene hadde forlatt området».
Side 22: det grunngis ikke hvorfor befaringen ble
gjort utenom hekketida. Det sannsynliggjøres at arter finnes.
Videre antas det at en del pattedyrarter,
herunder mange smågnagerarter, forekommer i området.
Enda vagere er formuleringene angående amfibier og
reptiler.
Datagrunnlaget kan med fordel nedjusteres til
mangelfullt (1).
3.4.2. Samlet verdivurdering.
Avspises med 3 linjer, og konklusjonen er at området
er av middels verdi m.h.t. biologisk mangfold. Denne konklusjonen gir ikke det
svake datagrunnlaget noe grunnlag for.
Side 25: 3.6, Marint miljø.
3.6.1, Datagrunnlag innrømmes å være som «mangelfullt
til middels (1-2)».
3.6.3, Rødlistearter.
Ingen kjente funn. Området ble ikke undersøkt.
3.6.5 Verdivurderes til «middels verdi». Burde ha
skrevet at man mangler grunnlag for en verdivurdering. Kategoriseringen som
«middels» har man utilstrekkelig datagrunnlag for.
Kap. 4, «Virkning og konsekvenser av tiltaket».
s. 45, «Rødlistearter».
Man innrømmer ikke å ha påvist rødlistearter av fugl
og annet vilt. Man kan ikke påregne å påvise så mye under et såpass snevert
tidsrom som noen få timer. De mest truete artene strandsnipe og fossekall er i
rødlista (2010) kategorisert som, «Nær truet» (NT). Det har blitt observert
hubro i området. Hubro er kategorisert som «Sterkt truet» (EN). Det er tydelig at
en kort befaring utenfor hekkesesongen gir et utilstrekkelig grunnlag for å
bedømme områdets betydning for evt. rødlistede arter og bestander av hekkende
fugl.
s. 48, 4.5., Marint miljø.
s. 48, 4.5.2, «Konsekvenser ved deponering av
steinmasser og anlegging av molo.»
Multiconsult anser ikke marine undersøkelser som
nødvendig, enda man ikke vet om det forekommer rødlistearter innenfor området.
Mangel på data er et premiss for konklusjonen.
s. 57, 4.14, Samlet konsekvensvurdering.
Multiconsult konkluderer med at utbyggingen vil
medføre at elva fremstår som «temmet». Ved å sette virkningen i anførselstegn,
bagatelliserer utreder virkningene. Bruken av ordet «viss» trekker i samme
retning. Det innrømmes derimot at «Omfanget
når det gjelder innvirkning på elva som miljøskapende element og dalførets
opplevelseskvaliteter vurderes totalt sett som middels negativt». Det nest
siste ordet blir i stor grad imøtegått av brukerne av området, som anser
inngrepet som meget negativt for opplevelsesverdien.
s. 59, tabell 11, «truete arter» lider av mangelfullt
datagrunnlag, en konsekvens av befaringens lengde og tidspunkt.
s. 61, 5 Usikkerhet i datagrunnlag og vurderinger.
Multiconsult mener tydeligvis at to befaringer i
området med 8 års mellomrom gir et «relativt godt datagrunnlag». Den siste befaringen
er attpåtil utført av personer uten dokumentert biologisk kompetanse.
At tidspunktet for befaringen er for sent for en
fullgod kartlegging av hekkefugl innrømmes, men bagatelliseres: «,men med utgangspunkt i egne erfaringer
og kunnskap fra tilsvarende vassdrag i regionen vurderes dette som mindre
kritisk i forhold til det aktuelle prosjektet (potensialet for interessante
funn vurderes som begrenset)». Utreder synes
altså at det arbeidet som er utført er godt nok til å trekke konklusjoner
ut av: «Graden av usikkerhet knyttet til
verdi- og konsekvensvurderinger for biologisk mangfold vurderes derfor som
liten.»
Dette forholdet kunne man ha tatt opp i kap. 7,
«Behov for oppfølgende undersøkelser», men det har man ikke gjort.
s. 63, 6.3. Anleggstekniske innretninger.
Multiconsult har ikke vurdert hensikten av en tunnel
med tverrsnitt på 4x4 meter for å romme et rør med en diameter på 1,0 meter (s.
12 i «Konsesjonssøknad for Fossevika småkraftverk»).
s. 70, «Artsliste fra befaringen 20.09.2012».
48 arter, de fleste i Planteriket. Hele Dyreriket
mangler. Svakt.
Oppsummering:.
·
Kartlegger
opererer med ikke – eksisterende yrkestittel: «feltbiolog».
·
Kartlegger
mangler relevant fagkompetanse i biologi.
·
Lengden
på feltstudiet er utilstrekkelig.
·
Resultater
er sterkt mangelfulle (jfr. s. 70).
·
Usikre
konklusjoner: «antas», «trolig», «sannsynligvis», «viss».
·
Konklusjonen
bygger i stor grad på selvreferering (s. 61)
Denne rapportens
validitet er svak, m.h.t. verdivurderingen av det biologiske mangfoldet.
Vedlegg 2.
BEFARINGRUTE –
BEKKEKLØFT – FOSSESPRUTSONE
Befaringsruta den 20.09.2012
(sjå fig 8, s.11 i MultiConsult sin rapport) viser at ein knapt har
undersøkt bekkekløfter langs vassdraget (pga. vær/stor vassføring).
Befaringsruta i 2004 er ikkje vist.
Ein har vore bortom Vikafossen på berre ein stad, dessutan gått
langs elva ovanfor fossen. Områda der dei største fysiske inngrepa kjem, er
ikkje undersøkt. Det går fram av siste avsnitt på s. 17 i rapporten. Det er
truleg at også dette området har rik edellauvskog – nasjonalt ein sjeldan
naturtype.
Vikafossen har øvst form som ei kløft, med fast fjell på begge
sider. Den nedste delen av fossen deler seg i fleire løp gjennom ei ur, til
dels med store steinar lengst oppe. Ura har form som ei rasvifte. Fossefallet
går difor gjennom ei bekkekløft og ei
ur. I området er det frodig plantevekst med skog. Denne er ikkje undersøkt nede i rasvifta.
Deler av denne ura/rasvifta er i Økonomisk kartverk (1972) avmerka
med Høg bonitet for skog.
Det same gjeld lengst vest i utbyggingsområdet, avsett til
Riggområde.
Boniteten her er like bra
som i dei registrerte områda for for Rik edellauvskog på begge sider av
Laukelandsfossen, men areala er mindre.
I vernesamanheng er bekkekløfter
(s.163 i Handbok 13 for naturtypekartlegging) gjeve stor merksemd nasjonalt, med systematiske
undersøkingar med påfylgjende oppretting av naturreservat. Då vert det spesielt
merkeleg at den biologiske undersøkinga i konsekvensvurderinga ikkje omfattar
ei systematisk synfaring av bekkeleiet. Her kan det være viktige førekomstar
som ikkje er funne, og som er avhengig av eit slikt høgt fuktnivå som berre ei
urørd vassføring kan gje. Befaringsruta fylgjer turstien som på berre få
strekningar har nær kontakt med elva.
Det biologiske mangfaldet i bekkekløfter er gjerne knytta til
nakne berg, rasmarker, og til spesielle livsmedier som gamle tre og død ved.
Fig. 10 syner at området består av forvitringsmateriale og
skredmateriale.
Under pkt. 3.2.2. Områdebeskrivelse, framgår det at
«nederst langs fjorden er
det innslag av grønnstein/grønnskifer, som er en bergart som forvitrer
lett og som avgir mer plantenæringsstoffer. Potensialet for
basekrevende arter er da større i
dette området.».
Samanheldt med at dette er i ei sørboreal vegetasjonsone med både
vestlege og østlege artar, må det
gjennomførast ei grundig kartlegging av fossesprutsoner og bekkekløfter i det
1,5 km lange elveløpet som er planlagt regulert. Også fordi Fossedalsfossen
like nedanfor vassinntaket, kan vere ei slik sone.
Konklusjonen av MC s. 17 om at det er lite potensial for funn av
rødlisteartar, kan difor dragast i tvil. («Det vurderes å være lite
potensial for funn av vassdragstilknyttede rødlistearter av moser, lav og karplanter,
siden elvekanten domineres av svaberg og stor stein som ligger eksponert til
for flom (se figur 11 og 12).»
Det er gjort nye funn av rødlisteartar og naturtypar i samband med
andre konskevensvurderingar. Nye data er ikkje lagt til den nasjonale databasen
«Naturbasen». Rik edellauvskog er ein av naturtypane som er nemnd på s. 18 i
rapporten og vist i fig. 39. Den næraste ligg ved Eikeskora, kalla
«Laukelandsfossen vest».
Det
verkar merkeleg at rapporten ikkje vurderer naturtypen ”Fossesprøytsone E05
(s.117 i Handbok 13). Elveløp har
kategorien NT (nær trua) i ”Norsk rødliste for naturtyper 2011”. Spesielt er
fossesprøytsonene trua av vasskraftutbygging.
Iflg. Miljøfaglig Utredning sin rapport av
2004; «Biologisk mangfold i Askvoll kommune», er det behov for nye
undersøkingar før det biologiske mangfaldet er godt nok kartlagt, idet ei
systematisk kartlegging ikkje er gjort. Sjå kap 7.
I Regional plan med tema knytt til vassdragsutbygging, vedteken
av fylkestinget i SFj i 2012, er dette temaet omtala i kap 2.2.2 s. 17:
«Bekkekløfter og fossesprøytsoner, jamfør boks 2.2.3, er
naturtypar som er særleg utsette ved bygging av vasskraftverk. Fossesprøytsoner
er svært avhengig av vassføringa i elva.»
og «Der slike elvestrekningar vert påverka er det alltid eit spørsmål
om rest- og minstevassføringskrav kan vere akseptable avbøtande tiltak, eller
om naturtypen har så stor verdi at den bør ha eit naturleg vassføringsregime.
Dessverre har vi liten oversikt over kvar vi finn dei mest verdfulle fossesprøytsonene
og bekkekløftene.»
Under kap. 4.1 Statlege retningsliner for vasskraftutbygging i same
dokumentet finn vi Om Fjordlandskap, at
« Inngrep som medfører bortfall eller vesentlig reduksjon av
dominerende landskapselementer, for eksempel fosser i fossefjordlandskap, bør
som hovedregel unngås. «
Og vidare i kap. 4.3 Fylkeskommunale retningsliner for
vasskraftutbygging:
om Biologisk mangfald:
Naturtypar
8.
Fossesprøytsoner og bekkekløfter med stor verdi
(A), samt villreinområde, skal ha prioritet 1.
9.
Fossesprøytsoner og bekkekløfter som ikkje er
undersøkt skal ha prioritet 1, inntil eventuell undersøking klargjer verdi.
Vi syner og til NINA-rapport
738: «Naturfaglige registreringer
av bekkekløfter i Norge
Sammenstilling av registreringene 2007−2010 «
der det i Vedlegg 1, s. 195 ff.: Oversikt
over kartlagte områder; går fram at det var kartlagt berre ein lokalitet i Fjaler
og ein i Gaular pr. 2010. Ingen i Askvoll. Av totalt 42 i fylket, av desse 38
med registrert naturverdi.
Vedlegg 3
Kommentar til MC
sin omtale av
Marint miljø;
3.6.2: Generell områdebeskrivelse:
«Dalsfjorden
er en trang og lukket fjord uten stor vannutskiftning».
Det motsette er tilfelle. Med unntak for eit
litt grunnare parti nord av Kjøsneset er Dalsfjorden ein relativt smal men
likevel open fjord utan tersklar. Elles vert fjorden gradvis grunnare innanfor
Nishamaren (Dalsfjordbrua).
Med tilførselen
av ferskvatn frå store elvar/vassdrag som Gaularvassdraget, Storelva med
Laukelandsfossen, Fossedalselva, Storelva i Dale (med tillegg av
Guddalsvassdraget via Flekkefjorden) og elvane i Gjølanger, Lone, Rivedal og
Holmedal; er påstanden meiningslaus.
Pga den store
ferskvasstilførselen vert det skapt mykje straum i fjorden.
Ved langvarig
vind frå vest, vert det elles oppstuving av tyngre sjøvatn innover i fjorden,
noko som kan føre til eit skråstilt sjikt mellom tungt sjøvatn og lettare
ferskvatn. I slike periodar er vasshøgda større enn i farvatnet utanfor
fjorden. Når vinden så snur, for eksempel til austavind, fossar vatnet ut
fjorden igjen, gjerne med ekstra effekt frå avrenning av ferskvatn frå
vassdraga i området. Ved botnen er det sjølvsagt mindre straum enn nærmare
overflata, men likevel ikkje mindre straum enn andre fjordbasseng ein kan
samanlikne med.
Dalsfjorden er
difor ingen «trang og lukket fjord uten stor vannutskifting».