Facebook

lørdag 7. januar 2017

Ein annan tur...

Fullmåne ein tidleg januarmorgon på Nordheia.
 Heilevangstaurane i bakgrunnen.

Ja, ja det vart no ein tur i dag òg. Den daglege ruta mi - til Førde! No er det slett ikkje vanleg at eg tek denne ruta ein lørdag. Når sant skal seiast er det ytterst sjeldan. Det blir nok køyring med det som er... 

Nei det har seg slik at Olaug fekk karva bilen under stormen Urd. Parkert i Dale fekk bilen ei flygande trampoline over seg. Skadane var såpass alvorlege at det kosta omlag like mykje å utbetre dei som bilen var verdt. Så den vart kondemnert. 

Å kjøpe ny bil er inga lett sak. Det aular med bilforhandlarar i Førde, og såleis mange gode bilar. Som alltid blir spørsmålet kor mykje ein skal legge ut på denne forbruksvara. For er det noko som slett ikkje løner seg så er det å kjøpe bil. Bilen er eit vanvittig utgiftssluk. Med eit vanvittig verditap! Det kan eg skrive under på etter å ha pendla i 30 år eller so.... Men du veit - når ein bur som ein bur - som stabeist ute i hutiheita, så treng ein jo bil. Ein snakkar så fint om å nytte kollektiv transport, og rett nok går her ein buss no og då, men med ein arbeidsplass i Førde og ein i Askvoll treng vi to bilar. Og då må ein av og til gå den tunge løypa gjennom lokala til bilforhandlarane i Førde. Stress. Comme ci comme ca. Usikkerheit. Og ei soge om "ein sognemann og ein forherda halling". Ein må tenke strategi for å opparbeide seg kjensla av å ikkje bli lurt. Kjensla i etterkant av å ha fått forhandla fram det beste ein greidde å vri ut av seljaren. Ja, for å handle bil er om lag som å kjøpe eit kvart i syden. Ein må prute så det monnar, og få mest mogeleg utstyr med på kjøpet.

Vel, vel nok om det. Vi har fått desse turane i går og i dag. Og valet står mellom to bilar. Ikkje verst. Faktisk minst like mykje verdt som ein lang og strevsam fjelltur. Fjella ligg no der. Og så fekk helsa mi ein dag til på å kome seg.... Om kondisjonen er like god på neste fjelltur som på turen i Førde i dag,  ja det står att å sjå. Heldigvis slepp eg å forhandle med nokon om den...


Legg inn en kommentar