torsdag 2. april 2015

Laussnø


Skylefjellet frå Yndestadhøgeheia
Yndestadhøgeheia







Det vart ein temmeleg tung tur på Toreheia i dag. Mykje laussnø som sette seg på trugane kravde sin mann. Eg måtte puste i bakken fleire gonger opp frå Krikavatna! På toppen tjukna det sjølvsagt til, men det rakk heldigvis ikkje så lenge før det vart relativt bra igjen.

I dag gjekk eg ned igjen Yndestadhøgeheia. Jammen ligg det bra med snø frampå kanten til fjorden her oppe endå. Som eg pleier tok eg deretter heim att gjennom Selda. Fin tur i skiftande vèr og snøforhold.

Ingen kommentarer: